Hopp til innhold
Norsk Hydro på Sunndalsøra
Foto: Bjørn Sigurdsøn, Sigurdsøn, Bjørn / Scanpix

Hydro Sunndal

  • Nytt overskot for Hydro Sunndal

    Hydro Sunndal hadde eit overskot før renter, skatt og avskrivingar på 843 millionar kroner i første kvartal i år. Det melder selskapet i ei pressemelding.

    – Igjen har stabil drift, god utnytting av kapasitet og svak kronekurs bidratt til eit godt resultat i første kvartal, seier fabrikksjef Wenche Eldegard.

    Hydro Sunndal vektlegg at dei har høgt fokus på sikkerheit, men i pressemeldinga opplyser dei at dei hadde ei høgrisikohending og ei skade med fråvær i første kvartal.

    – Hendingane viser at vi aldri kan ta pause frå arbeidet med å styrke sikkerheita på verket. Vi jobbar mot målet om null personskadar og høgrisikohendingar. Sikkerheitsarbeidet skjer kvar einaste dag og har alltid førsteprioritet, seier Eldegard.

  • Skal på tilsyn

    Arbeidstilsynet skal på tilsyn ved Hydro Sunndal etter ei ulykke tidlegare denne veka.

    Natt til onsdag blei ein tilsett på aluminiumsverket på Sunndalsøra sendt til Haukeland sjukehus med brannskadar etter å ha fått flytande metall på seg.

    Jan Petter Sæbø i Arbeidstilsynet opplyser at dei har blitt varsla om ulykka og har planar om å reise på tilsyn.

    Hydro Sunndal har også sett ned ein eigen granskingskommisjon for å sjå på kvifor dette skjedde.

  • Sendt til Haukeland med brannskader

    En ansatt ved Hydro Sunndal er sendt til Haukeland sykehus med alvorlige brannskader etter å ha fått metallsprut i ansikt og hode. Det bekrefter fabrikksjef Roar Ørsund til Driva. Dette skjedde natt til onsdag. Mannen skal ha hatt verneutstyr på seg.

    Ifølge avisen har Hydro Sunndal har satt ned granskingskommisjon for å finne årsaken til at hendelsen skjedde og forstå så mye som mulig av hendelsen, slik at den kan unngås i framtida.

  • Brann ved Hydro Sunndal

    Naudetatane rykka i kveld ut til Hydro Sunndal der det var brann i eit køyretøy inne i ein produksjonshall. Industrivernet og brannvesenet samarbeida om sløkkinga.

    Brannvesenet har meldt at dei har kontroll og at brannen er sløkt. Seks personar har vorte eksponert for røyk og vert undersøkt av ambulansepersonell på staden. Foreløpig er årsaka til brannen ukjent.

  • Hydro Sunndal med godt resultat

    Hydro Sunndal melder om stabil drift og godt resultat for andre kvartal. Effektiv drift og stabile aluminiumsprisar har bidratt til resultatet. Fabrikksjef Roar Ørsund meiner Hydro Sunndal er verdsleiande når det gjeld låge utslepp av klimagassar i produksjonen.

    Roar Ørsund, fabrikksjef Hydro Sunndal.
    Foto: PER-IVAR KVALSVIK / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL