Hopp til innhold

Hydro-tilsett fekk flytande metall på 950 varmegrader i ansiktet

Natt til onsdag blei ein tilsett på aluminiumsverket på Sunndalsøra sendt til Haukeland sjukehus med brannskadar etter å ha fått flytande metall på seg.

Produksjonshall hos Hydro Sunndal.

Elektrolysecellene inne på aluminiumsverket til Hydro i Sunndal held flytande metall med ein temperatur på 950 varmegrader.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Operatøren skal ha fått sprut på seg frå ei celle med flytande metall, som måler 950 grader celcius.

– Han hadde alt av verneutstyr, det berga veldig bra situasjonen. Men han fekk brannskadar på hals, nedre del av ansiktet og opp på øyra. Samt to mindre brannsår på venstre arm, seier fabrikksjef på Hydro Aluminium i Sunndal, Roar Ørsund.

Ørsund fortel at det skal gå bra med den skadde etter forholda, frå det han har fått vite.

Roar Ørsund, fabrikksjef Hydro Sunndal.

Roar Ørsund er fabrikksjef hos Hydro Aluminium i Sunndal.

Foto: PER-IVAR KVALSVIK

Skal granske saka

I løpet av hans fem år som sjef har han ikkje opplevd ein liknande situasjon.

– Dette tar vi på største alvor. Vi brifar dei tilsette, så set vi ned ein granskingskommisjon for å sjå på kvifor dette skjedde, seier Ørsund.

Det var lokalavisa Driva som først omtalte saka.

– Dette er ein svært alvorleg skade, og ein type skade som vi jobbar mest med å unngå. Vi har sju kritiske operasjonar, blant anna arbeid med flytande metall. Det er grundige rutinar for å unngå ulykker, men det er aldri ein garanti for at ikkje slike situasjonar oppstår, seier Ørsund.

Arbeidstilsynet er varsla.

Hydro Aluminium Sunndal

På Sunndalsøra i Møre og Romsdal ligg eit av sju norske aluminiumsverk.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Mange skadar siste året

Hovudverneombod Egil Hordnes seier det er ei trykkande stemning på fabrikken no etter hendinga, men at dei alle er klar over at slike ulykker kan skje.

– Det er tragisk at det har skjedd, men det er heilt rett av Hydro å granske det. Vi har hatt eit uheldig år så langt med mange skadar, seier hovudverneombod på fabrikken, Egil Hordnes.

Ifølgje fabrikksjefen har Hydro Sunndal det siste året registrert rundt 20 hendingar der tilsette har hatt behov for førstehjelp eller medisinsk hjelp.

For tre veker sidan byrja eit køyretøy inne i ein av hallane å brenne kraftig etter å ha blitt treft av metallsprut. Seks personar fekk tilsyn av helsepersonell etter å ha blitt eksponert for røyk, og dei arbeidarane måtte ha hjelp frå brannvesenet til å sløkke brannen.

– Dette er ein situasjon som vi absolutt ikkje er nøgd med, og vi jobbar kvar bidige dag for å nå visjonen vår om null skadar. Då må vi jobbe ekstra hardt for at fabrikkvardagen skal vere sikker for våre tilsette og innleigde, seier Ørsund.