Hopp til innhold

Rekordkvartal for Hydro Sunndal

Aluminiumprodusenten Hydro Sunndal har levert det sterkaste kvartalsresultatet nokon gong.

Norsk Hydro på Sunndalsøra

Norsk Hydro på Sunndalsøra har levert det sterkaste kvartalsresultatet nokon gong.

Foto: Bjørn Sigurdsøn, Sigurdsøn, Bjørn / Scanpix

Overskotet på 509 millionar kronar er ein oppgang på 146 frå førre kvartal. Det er også 470 millionar kroner samanlikna med første kvartal i fjor.

– Vi legger bak oss det beste kvartalet i Hydro Sunndals historie, seier fabrikksjef Martin Sagen.

Det er no ni år sidan førre kvartalsrekord vart sett i 2006.

Lysare tider

Sterk dollarkurs, høge prisar, godt sal og stabil drift er nokre av årsakene til det gode resultatet.

Hydro Sunndal har tidlegare slite med dårlege tider i aluminiumsbransjen, svake resultat og permitteringar. Fabrikksjefen er no glad for at dei går lysare tider i møte.

– Det er generelt god drift i heile fabrikken, men det er spesielt gledeleg at drifta i Su4, den nyaste produksjonslinja, er veldig god, med høg og stabil produksjon seier Sagen.

Må fortsette å satse

Hydro har sidan i fjor jobba med å starte opp igjen den stengde kapasitet i produksjonslinja Su3. Sagen forventar at oppstartsarbeidet er ferdig i løpet av første halvdel av juni. Då vil elektrolysen ved Hydro Sunndal vere tilbake på full produksjonskapasitet for første gong sidan finanskrisen slo inn over aluminiumindustrien for fullt i 2009.

– Restarten av Su3 er veldig positiv for verket. Den gir fleire arbeidsplassar og er samtidig med på å gjere oss meir finansielt robuste, seier han.

Til trass for det historiske resultatet meiner Sagen det er viktig å framleis arbeide for å bli betre.

– Vi kan ikkje bestemme etterspørselen, men vi avgjer sjølv kor flinke vi er til å kontinuerleg forbetre oss slik at vi holder oss eit hestehovud framfor konkurrentane våre, seier han.