Normal

LO-leiaren fekk klar beskjed i Sunndal

Den nye LO-leiaren fekk klar beskjed då ho kom til Sunndal onsdag. Dei tilsette fryktar for framtida.

LO-leiar Gerd Kristiansen fekk klar beskjed i Sunndal onsdag
Foto: Eirik Haukenes

Den nye LO-leiaren kom ikkje lenger enn til porten ved Hydro Sunndal før ho fekk høyre kvar skoen trykkjer. I dag besøkte ho industribygda, som den aller første i sin nye jobb.

– Vi er avhengige av draghjelp frå LO heile vegen, sa ein av dei tilsette før ho i det heile tatt hadde fått hengt av seg jakka.

Sjå video:

Den nye LO-sjefen fekk klar melding då ho kom til Sunndal i dag.Dei tilsette på aluminiumsverket fryktar at høgare nettleige på straum skal ta knekken på Hydro sitt anlegg i Sunndal...

Lo-leiaren til Sunndal

Fryktar for framtida

Og beskjeden blei gjenteke gjennom dagsbesøket i Sunndal. Statnett oppgraderer straumnettet for mellom 50 og 70 milliardar, og det fører til dyrare straum. For storforbrukarar som Hydro Aluminium i Sunndal blir det fort store beløp.

– Tala viser at vi går omtrent i null i dag, vi held så vidt hovudet over vatnet. Dersom vi skal få ytterlegare millionar på toppen i kostnader, så spøker det for framtida, seier fagforeiningsleiar Eivind Torvik.

Lovar å kjempe

LO-leiar Gerd Kristiansen

LO-leiar Gerd Kristiansen seier ho vil vere med å sørge for at bedriftene kan drive forsvarleg og lønsamt.

Foto: Eirik Haukenes

Men det var ikkje mykje konkret LO-leiaren kunne love, anna enn å kjempe for bedriftene og dei tilsette.

– Vi skal vere med og sørge for at bedriftene får rammevilkår slik at dei kan drive forsvarleg og lønsamt, sa LO-leiar Gerd Kristiansen. Ho seier til NRK Møre og Romsdal at ho trur staten vil ta ein del av rekninga.

Besøk hos Statnett

Men under besøket i Sunndal gjekk turen også til Statnett, som står for kraftutbygginga. Her fekk ho vite at milliardinvesteringane er tvingande nødvendig. Men det tek ikkje motet frå Kristiansen.

– Styresmaktene har jo klart å leggje opp til kraftregime for bedriftene tidlegare, eg trur at det må dei gjere igjen. Det er jo snakk om å fordele utgiftene på ein betre måte, og då vil jo det vere staten som tek ein del av trøkket, seier ho.

Har tru på LO-leiaren

Eivind Torvik

Fagforeiningsleiar Eivind Torvik fryktar for arbeidsplassane.

Foto: Eirik Haukenes

Og den meldinga vekte gehør hos arbeidarane i Sunndal onsdag. Klubbleiaren Eivind Torvik har tru på at Kristiansen kan nå fram.

– Roar Flåthen stod på som berre det og hadde god innverknad på politikarane. Eg reknar med at ho Gerd Kristiansen kjem til å gjere det same for oss, seier Torvik.