Hopp til innhold

Forsiktig optimisme for Hydro

Hydro Sunndal leverer framleis gode resultat, men utsiktene framover er ikkje like lyse. Fallande metallprisar kan bidra til lågare inntekter.

Hydro Aluminium Sunndal

Hydro Sunndal har hatt eit rekordgodt halvår. Likevel er det forsiktig optimisme i næringa.

Foto: Roar Halten / NRK

Resultata for andre kvartal vise eit overskot på 459 millionar kroner for Hydro Sunndal, noko som gjer første halvår i år til det beste i selskapets historie.

– Vi har hatt to gode kvartalsresultat, og eit rekordåra halvår, så det er vi naturlegvis fornøgd med, seier økonomisjef Egil Brevik ved Hydro Sunndal.

Forventar lågare forteneste

Likevel meiner økonomisjefen at det er viktig med streng kostnadsdisiplin i tida som kjem.

– Vi har sett at prisene på aluminium har gått ned dei siste månadane, og den marknadsnedgangen vil vi merke på den komande rekneskapen, seier Breivik.

Økonomisjefen vektlegger likevel at situasjonen ikkje er dramatisk.

– Det er vell meir at dei to siste kvartala har vore uvanleg bra slik at vi må belage oss på ein noko lågare forteneste i løpet av dei komande månadene, seier Breivik.