Aluminiumsverk går så det susar

Metallverka går med millionar i overskot og Norsk Hydro meir enn doblar resultatet frå fjoråret.

Hydro Sunndal AS

HYDRO SUNNDAL: Hydro produserer aluminium i Høyanger, Årdal, Husnes, Karmøy og Sunndal.

Foto: Harald M. Valderhaug / Hydro

Hydro har eit resultat i fjerde kvartal etter skatt på 3,6 milliardar kroner, mot 1,01 milliardar kroner i same kvartal i 2016.

– Dette er gode resultat, som skuldast høgare prisar på alumina og aluminium, seier informasjonsdirektør Halvor Molland.

Årsresultatet for 2017 var 12 milliardar.

– Det beste vi har hatt på ti år. Grunnen til dette er både auke i pris, valuta og god drift, seier Molland.

Innan 2019 skulle Norsk Hydro kutte kostnader med 2,9 milliardar. No vil dei spare meir.

– Vi er i rute for 2019, noko som skuldast hardt arbeid kvar dag. I dag har vi auka målet for innsparing, seier Molland.

Over 172 millionar i overskot

Hydro produserer aluminium i Høyanger, Årdal, Husnes, Karmøy og Sunndal.

Hydro Årdal avslutta fjerde kvartal med eit overskot før renter og skatt på 172 millionar kroner, fem millionar meir enn i tredje kvartal. Totalt hadde verket i Årdal eit overskot på 659 millionar kroner i 2017. Fabrikksjef Wenche Eldegard forklarer resultatet med gode aluminiumsprisar.

– Prisane har auka. Vi har levert eit år med veldig god drift i organisasjonen, der fleire av einingane våre har produksjonsrekord, seier ho.

Pengane har strøymt inn i både Årdal og Høyanger. Ved metallverket i Høyanger legg dei bak seg eit godt 4. kvartal, med overskot på 53 millionar kroner før renter og skatt. Totalt hadde dei eit overskot på 175 millionar i fjor mot 76 millionar året før.

Wenche Eldegard

172 MILLIONAR: Fabrikksjef Wenche Eldegard kan smile over resultatet til Hydro Årdal.

Foto: Johan Moen / NRK