Hopp til innhold

Hydro Sunndal slit: – Vi burde hatt eit overskot på 500 millionar kroner

Medan Norsk Hydro hadde eit underskot på 900 millionar kroner i kvartalet, melder Hydro Sunndal metallverk om eit resultat på 49 millionar i pluss første halvår av 2013. Likevel er ikkje alt roseraudt.

Norsk Hydro på Sunndalsøra

Hydro Sunndal metallverk har overskot, medan Norsk Hydro generelt slit med underskot.

Foto: Bjørn Sigurdsøn, Sigurdsøn, Bjørn / Scanpix

Svein Richard Brandtzæg

Svein Richard Brandtzæg, konsernsjef i Norsk Hydro.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

Norsk Hydro melde tidlegare i dag torsdag om eit overskot på over 900 millionar kroner.

– Sjølv om situasjonen i verdsøkonomien framleis er krevjande, er det venta framleis stor vekst i etterspurnaden etter aluminium dette året, sa konsernsjef Svein Richard Brandtzæg i ei pressemelding.

Stoda for Hydro Sunndal metallverk er derimot lysare. 49 millionar kroner i overskot er resultatet etter første halvår av 2013, før renter og skatt.

Driftsinntektene i perioden var 2.898 millionar kroner, og i ei pressemelding opplyser Hydro Sunndal at resultatet reflekterer ein krevjande marknadssituasjon.

– Betre enn fjoråret

I 2012 var resultatet tre millionar kroner i minus, mot 471 millionar i pluss, for Hydro Sunndal.

– Det er eit resultat som er litt betre enn resultatet på same tid i fjor. Då hadde vi 23 millionar som resultat i første halvår, opplyser Martin Sagen, fabrikksjef ved metallverket i Sunndal.

Hans Erik Vatne, Thorleif Høyer og Martin Sagen

Martin Sagen (t.v.) er fabrikksjef ved metallverket på Sunndalsøra. Her saman med Hans Erik Vatne og Thorleif Høyer.

Foto: Hege Therese Holtung / NRK

Langt, langt frå fornøgde

Likevel er 49 millionar kroner i pluss berre 1/10 av det Hydro Sunndal bør ha i pluss, meiner Sagen.

– Overskotet burde vore betydeleg betre. Vi burde hatt eit overskot på 500 millionar kroner dersom vi skulle gi tilbake på investert kapital. Vi jobbar knallhardt for å betre resultatet og gi tilbake til selskapet, basert på det som er investert, seier Sagen til NRK.

Han er klar på at det er stor forskjell på 50 og 500 millionar, og at pluss ikkje alltid er nok.

– Vi taper i alle fall ikkje pengar, så det gjer at vi ikkje har panikk. Men vi må forbetre oss, meier eller mindre på alle frontar.

Sentralt underskot har lite å seie

Underskotet til Norsk Hydro, på over 900 millionar kroner, har lite å seie for metallverket på Sunndalsøra.

– Vi konsentrerer oss om vår operasjon. Vi har tilpassa oss situasjonen gjennom mange år, og vi har ein innjobba strategi som vi vil følgje framover, slår Sagen fast.

Det som derimot har stor innverknad på både Hydro i Sunndal og selskapet elles, er situasjonen i Europa.

– Vår marknad er Europa, og situasjonen i Europa er kjent for dei fleste. Mykje av nedslagsfeltet vårt er Sør-Europa, og der er blant anna bygningsindustrien nede for telling.

Norsk Hydro sitt hovudkontor

Norsk Hydro melde tidlegare i dag torsdag om eit underskot på over 900 millionar i andre kvartal av 2013. Her representert ved hovudkontoret i Oslo.

Foto: Johansen, Erik / NTB scanpix