Hopp til innhold

Vann designprisar

Både Fora Form i Ørsta og LK Hjelle i Sykkylven vann prisar under Designindustrikonferansen. Fora Form vann årets produkt for stolen Atrium (bildet). Juryen rosa Atrium for å vere ukomplisert og kompleks samtidig, og eit eksempel på skandinavisk stil på sitt beste. I løpet av fjoråret blei stolen også Fora Form sin nest mest selde stol.

I tillegg vann LK Hjelle klassikarprisen for lenestolen Siesta.

– Ved å løfte fram dette møbelet bidreg LK Hjelle til å feire norsk designarv. Samtidig gir selskapet marknaden ein komfortabel og elegant klassikar laga av haldbare, gode materiale med respekt for originaldesignet til Ingmar Relling frå 1965. Stolen har bana veg for norsk designeksport, står det i juryens vurdering.

Fora Form mottok Årets produkt-pris for stolen Atrium.
Foto: Fora Form