Hopp til innhold

Fødeavdelinga får 25 millionar for å hente inn fagfolk

Regjeringa set av pengar for gjenopne fødetilbodet i Kristiansund. – Dette er politisk brannsløkking av distriktsopprøret, seier redaktør i Dagens Medisin.

Kristiansund sykehus

Fødeavdelinga i Kristiansund har vore stengt sidan februar i mangel på fagfolk.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Normalt styrer helseføretaka sjølve korleis dei vil nytte pengar frå staten.

Men i statsbudsjettet har regjeringa øyremerkt 25 millionar kroner til gjenopning av fødeavdelinga i Kristiansund.

Sidan februar har fødeavdelinga i nordmørsbyen vore stengt fordi dei har mangla jordmødrer og gynekologar. Dermed må dei fødande dra til nabobyen Molde.

– Vi synest det er viktig at når ein treng hjelp, skal ein få den hjelpa og den skal vere nær der du bur, seier Lisa Marie Ness Klungland (Sp).

Lisa Marie Ness Klungland i Senterpartiet. Utenfor Kristiansund sjukehus.

Lisa Marie Ness Klungland er utdanna sjukepleiar, og nyvald stortingsrepresentant for Senterpartiet.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Pengane skal gå til rekruttering og sikre stabil bemanning.

Fødeavdelinga skulle gjenopnast 1. desember, men det går ikkje. No manglar sjukehuset ein gynekolog og gjenopninga blir utsett til over nyttår.

– Politisk brannsløkking

Redaktør i Dagens Medisin, Siri Gulliksen Tømmerbakke, meiner at fødeavdelinga i Kristiansund har blitt symbolet på distriktsopprøret i landet. Rekruttering er også eit stort problem på andre fødeavdelingar og det er jordmorkrise i heile Skandinavia.

Siri Gulliksen Tømmerbakke

Siri Gulliksen Tømmerbakke er redaktør i Dagens Medisin.

Foto: Dagens Medisin

Når no Kristiansund får 25 millionar i år og like mykje dei tre neste åra er ho spent på reaksjonen frå andre fødeavdelingar.

– Det kan tolkast som at den som ropar høgst blir høyrt. Det som skjer no kan tolkast som ei form for politisk brannsløkking av distriktsopprøret, seier Tømmerbakke.

Ho meiner spørsmålet om kvalitet kan forsvinne i nedleggingsdebatten.

I vurderinga av små einingar opp mot større, må kvalitet og pasienttryggleik vege tyngst, meiner Tømmerbakke.

– Små einingar er meir sårbare for utfordringar med bemanning, og dersom ein ikkje får nok mengdetrening i å behandle pasientar, kan det mellom anna gå utover kvaliteten, seier ho.

– Nærleik er viktig

For gravide Ann Mari Løvli (30) er det nærleik til sjukehus som gir henne tryggleik. Ho skal bli mamma for første gong i slutten av desember, og hadde håpt at å få føde i Kristiansund, men slik blir det ikkje.

Anne Mari Løvli, gravid.

Anne Mari Løvli er gravid. Ho hadde eit håp om å få føde i Kristiansund, men fødeavdelinga blir ikkje opna i tide.

Foto: PRIVAT

– Når eg skal føde er det vinter og fare for vanskelege vegar. Eg føler meg utrygg på reiseveg og overbelastning på den samanslåtte fødeavdelinga, seier Løvli. Ho er glad for at regjeringa no løyver pengar for å få avdelinga i Kristiansund på beina igjen.

Sjukehusdirektør Øyvind Bakke seier til NRK at det ikkje er naturleg for Helse Møre og Romsdal å kommentere politiske forslag som Stortinget skal behandle.