Hopp til innhold

Fødeavdelinga var stengd – Anette måtte føde i busslomme på veg til neste sjukehus

Familien måtte køyre rett forbi sitt sjukehus då fødeavdelinga nyleg vart lagt ned. Kvart år vert hundrevis av barn fødde under transport.

Anette Strand sit med sonen sin i fanget på ein sofa i huset på Smøla. Far Ådne Stensø sit bak. Strand har på seg ein grå strikkagenser med gule striper. Ho har raudt hår og like blå auger som sonen, båe ser like inn i kameraet. Bak sit Stensø med briller og stort skjegg og ser på ungen. Dei ser alle alvorlege ut, då dei fortel om at Strand måtte føde i ei busslomme fordi fødetilbodet ved Helse Møre og Romsdal i Kristiansund er lagt ned.

Anette Strand måtte føde sonen i ei busslomme mellom den nedlagde fødeavdelinga i Kristiansund og Molde sjukehus. Far Ådne Stensø fekk berre sjå på gjennom ei luke i ambulansen.

Foto: MARIUS ANDRÉ JENSSEN STENBERG / NRK

Anette Strand måtte føde sonen i ei busslomme mellom den nedlagde fødeavdelinga i Kristiansund og Molde sjukehus. Far Ådne Stensø fekk berre sjå på gjennom ei luke i ambulansen.

Foto: MARIUS ANDRÉ JENSSEN STENBERG / NRK

Fødestad: Første busslomme etter Vorpenes (i ambulansen)☺

Slik ser fødselskortet til Harald Krisfoffer, som vart fødd i mars i fjor, ut.

Anette Strand og Ådne Stensø sin første son saman kom bak i ein ambulanse på sida av ein ubrøytt veg midt på natta.

Då var det over ein time sidan dei hadde køyrd forbi sitt eige sjukehus, i Kristiansund, der fødeavdelinga no er lagt ned.

– Vi har jo lyst på fleire ungar, men so lenge ting er slik dei er no, so er ikkje det eit alternativ, seier tobarnsmora.

Anette Strand held opp ein lapp med informasjon om fødselen av hennar andre son. Der stpr namnet hans og adressa han vart fødd på, som er "Første busslomme etter Vorpenes (i ambulansen)" med eit smilefjes bak. NRK har viska ut fødselsnummeret til barnet, som også står på lappen.

Ikkje alle kan syne til ei busslomme som fødestad, men slik vart det for Harald Kristoffer ei marsnatt i fjor.

Foto: MARIUS ANDRÉ JENSSEN STENBERG / NRK

Ei lang reise

Anette Strand har født før, men sjukehuset ho då var på, i Kristiansund, stengde fødeavdelinga si vel eit år før vesle Harald Kristoffer skulle kome til verda.

Turen mot fødeavdelinga i Molde vart ei mjølkerute for både Strand og sambuar Ådne Stensø, noko Klassekampen tidlegare har skrive om.

Det var full snøstorm og ikkje brøytt i det heile teke den kvelden vatnet gjekk.

Ein måndag kveld i mars, to veker før termin, er fødselen til Strand i gang.

Turen til kaia tek 40 minutt på grunn av snøen. Til vanleg tek den maks 20.

Ambulansebåten tek dei for å plukke opp følgejordmora.

So skal ambulansen plukke dei opp i Kristiansund.

Sjukehuset som ligg nokre hundre meter unna har ikkje lenger noko fødeavdeling.

På ubrøytte vegar og i uvêr går det sakte med ambulansen mot Molde.

I ei busslomme vel 20 minutt unna fødeavdelinga i Molde køyrer dei inn til sida.

Anette Strand ligg på ei båre i ein ambulanse med eit teppe over seg. På teppet ligg ein nyfødd unge. Anette smiler medan ho ser på sonen.

Her kjem Harald Kristoffer til verda.

Anette Strand ligg på ei båre bak i ein ambulanse. Vi ser gjennom ei lita glasrute, og ser berre bakhovudet til kvinna og ein fot som stikk opp. Ved fotenden av senga sit ein person i mørkeblå uniform.

Far Ådne Stensø har berre utsikt frå passasjersetet gjennom ei luke i ambulansen.

Det er gått litt over tre timar sidan familien reiste frå heimen sin for å kome på sjukehuset.

Strand måtte liggje på båra i ambulansen og måtte då vere stroppa fast.

Ho tykte det var spesielt tungt å ikkje få gjere det kroppen ville i ein slik situasjon, at ho måtte liggje fastspend og ikkje kunne røre på seg anna enn å snu seg til sida.

Då det berre var ein liten halvtime att til sjukehuset i Molde, var ho komen so langt i fødselen at ambulansepersonellet gav beskjed om at ho måtte sei ifrå om ho kjende noko kome.

– Då trur eg vi kom oss femti meter bort i vegen på ei busslomme der vi måtte stoppe. So var det på ei pressrie, og der kom han, seier Strand.

Anette Strand ligg på ei båre bak i ein ambulanse. Vi ser gjennom ei lita glasrute, og ser berre bakhovudet til kvinna og ein fot som stikk opp. Ved fotenden av senga sit ein person i mørkeblå uniform.

Ådne Stensø fekk sitje framme i ambulansen under fødselen og hadde berre utsikt gjennom luka bak. – På ein måte var eg letta over at det var ferdig, at eg slapp å liggje resten av vegen med den smerta og dei riene. Og bilsjuk oppå det heile, seier Strand.

Foto: Privat

– Ikkje noko eg har lyst til å gjere ein gong til

Då fødetilbodet i Kristiansund forsvann, fekk gravide på Smøla 44 prosent lenger reisetid til ein stad å føde.

Det syner oppdaterte tal frå Statistisk sentralbyrå.

Det er stor forskjell i Noreg på reisetida til ein stad å føde. Kortast veg i landet har mødrer i Volda, som har ei median køyretid på tre minutt. På Røst er det 7 timar.

Dei siste tjue åra har kring 0,3 prosent av alle fødslar i landet kvart år skjedd under transport, ifølgje Medisinsk fødselsregister. Det er kring 150–200 fødslar i året.

I tillegg kjem fødslar som skjer heime utan at det er planlagt eller på nedlagde institusjonar – nokre av desse kan vere grunna at det er langt å reise.

– Vi har jo lyst på fleire ungar, men so lenge ting er slik dei er no, so er ikkje det eit alternativ, seier Strand.

Ho seier dei var heldige denne gongen, men at fleire kvinner som også har lenger reiseveg ikkje alltid kjem like langt.

– Eg har lyst til at vi skal ha dei same rettane som dei som bur andre stadar, seier ho.

Stengd fødestove: Eit kart over nordre delar av Møre og Romsdal der kommunane er i ulike fargar. Kartet syner mediantid brukt på å køyre for å kome til ein fødestad. Jo lenger nord og inn i landet ein kjem, jo lenger tid tek det. Lengst tek det frå Smøla, der reisetida er på 180 minutt.
Open fødestove: Eit kart over nordre delar av Møre og Romsdal der kommunane er i ulike fargar. Kartet syner mediantid brukt på å køyre for å kome til ein fødestad. Jo lenger nord og inn i landet ein kjem, jo lenger tid tek det. Lengst tek det frå SMøla, der reisetida er på 125 minutt.

Grafikken frå SSB syner median køyretid til fødestad før og etter fødeavdelinga ved Kristiansund sjukehus vart lagt ned.

Skjermdump / Statistisk sentralbyrå

Tiltaka som ikkje var til hjelp

Strand fortel at den vesle familien busette seg på Smøla for staden sin del, og at dei kjende til utfordringane med å verte gravid.

– Men det vert berre dårlegare og dårlegare, rett og slett. Og det gjer det ikkje meir freistande for folk å flytte hit eller å få oss fleire ungar.

For dei med lang reiseveg er der ofte tilbod om å bu på hotell nært sjukehuset då det nærmar seg termin.

– Men vi bur på ein liten gard. Vi har dyr, vi har ein son til, det er ikkje berre å sleppe alt ein har i hendene, seier Strand.

I tillegg kom yngstemann over to veker før termin.

– Det vert eit litt tomt tilbod, trass i at det er der, for det er vanskeleg å dra nytte av det. Vi kan jo ikkje planlegge den dagen han skal kome.

Anette Strand sit med sonen sin i fanget på ein sofa i huset på Smøla. Far Ådne Stensø sit bak. Strand har på seg ein grå strikkagenser med gule striper. Ho har raudt hår og kysser sonen på panna medan han klemmer ho. Bak sit Stensø med briller og stort skjegg og ser på ungen. Dei fortel om at Strand måtte føde i ei busslomme fordi fødetilbodet ved Helse Møre og Romsdal i Kristiansund er lagt ned.

Anette Strand og Ådne Stensø seier dei var utruleg heldige og er glade for at der ikkje oppstod noko under fødselen. – Det kunne jo enda med at vi måtte hatt eit hastekeisarsnitt då, midt oppe på fjellet der, seier Strand.

Foto: MARIUS ANDRÉ JENSSEN STENBERG / NRK

Sjef for klinikkane i Kristiansund og i Molde, Britt Rakvåg Roald, skriv i ein e-post til NRK:

Vi er opptekne av å vareta alle fødande på ein trygg og god måte. Vi har direkte dialog med dei gravide som har lengst reiseveg om følge- og beredskapsteneste og andre kompenserande tiltak, nokre skal føre i Molde og nokre har vald å føde ved St. Olavs hospital i Trondheim.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL