Ber om å få tilbake autorisasjonen
Ein tidlegare fastlege i fylket ber på nytt om å få tilbake autorisasjonen.
Helsetilsynet tok frå han løyvet til å vere lege, og meiner han mellom anna har massert brystvortene til ein ung pasient.
Nyleg blei han frikjend i tingretten, og advokaten hans meiner dette talar sterkt for at han må få tilbake autorisasjonen.
Helsetilsynet held fast på avgjerda, og klagenemnda ventar med å behandle klagen til straffesaka er ankebehandla.