Hopp til innhold

Utset opninga av fødeavdelinga i Kristiansund

I februar i år måtte fødeavdelinga i Kristiansund delvis stenge på grunn av mangel på fagfolk. Av same grunn må dei no utsette opninga.

Kristiansund sykehus

KRISTIANSUND: Fødeavdelinga i Kristiansund har vore delvis open sidan februar 2021.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Vi får ikkje til å opne fødeavdelinga i desember, og utset opning til over nyttår, seier klinikksjef ved fødeavdelinga for Molde og Kristiansund, Georg Johnsen.

Mangel på nok fagfolk ved fødeavdelinga i Kristiansund førte til at delar av den vart stengt i februar i år. Dette trass i at den hadde eit stortingsvedtak om å halde ope.

I sommar kunne Helse Møre og Romsdal dele nyheita om at dei ville opne fødeavdelinga igjen 1. desember. Dette skulle skje først etter at føretaket hadde rekruttert både gynekologar og jordmødrer som ville arbeide på avdelinga.

– Det kjem av at vi manglar fagfolk, spesielt gynekologar. Vi kan ikkje opne avdelinga no, seier Johnsen.

Klinikksjef for sjukehusa i Molde og Kristiansund, Georg Johnsen

FAGFOLK: Klinikksjef ved fødeavdelinga for Molde og Kristiansund, Georg Johnsen, seier dei jobbar med å få på plass nok fagfolk til Kristiansund.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Det skal vere ein gynekolog som har trekt seg, som gjer at helseføretaket må finne ein ny før dei reknar det som forsvarleg å opne fødeavdelinga heilt.

Dei håpar på å få opne den så snart som råd etter nyttår.

– Vi har gjort ein kjempestor rekrutteringsjobb for å få til å opne, og det held vi fram med. Vi jobbar med fleire namn no for å få til ei opning.

Kjell Neergaard

Ordførar i Kristiansund, Kjell Neergaard.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Ordførar i Kristiansund, Kjell Neergaard, er skuffa over at helseføretaket ikkje opnar fødeavdelinga som planlagt.

– Eg har full respekt for at det er svært krevjande å få tak i folk i dag. Men for meg er det et paradoks at den einaste fødeavdelinga som har et stortingsvedtak på at den skal vere open, er den einaste fødeavdelinga som er stengt.

Regjeringa vil sikre fødeavdelinga

Ein viktig siger for fødeavdelinga i Kristiansund kom når den nye regjeringa la fram sine planar.

I Hurdalsplattforma slo dei nemleg fast at dei vil sikre eit trygt føde- og barseltilbod på Nordmøre og i Romsdal, og fødeavdeling i Kristiansund.

Leiar for Bunadsgeriljaen, som kjempar for fødeavdelinga i Kristiansund, sa den gong at ho var glad for det regjeringa bestemte.

Då nyheita om at opninga blir utsett kom tysdag er ho bekymra for både fødande kvinner og tilsette.

– Vi forventa at dei skulle få til dette. Det viser kor svak helseføretakmodellen er. Trass stortingsvedtak og regjeringserklæringar, så lukkast dei likevel ikkje å gjenopne i tide.

Anja Solvik

BUNADSGERILJAEN: Anja Cecilie Solvik er leiar for Bunadsgeriljaen som blant anna kjemper for å bevare fødeavdelinga i Kristiansund.

Foto: Remi Sagen / NRK

Ventar på nytt sjukehus

Sjukehusa i Molde og i Kristiansund skal slå seg saman, og bli eitt fellessjukehus. Men denne prosessen har ikkje vore enkel.

Først var det kamp om plasseringa, der både Molde og Kristiansund kjempa om å få sjukehuset i sin by. Saka gjekk heilt til helseministeren som avgjorde at plasseringa skulle vere på Hjelset, utanfor Molde.

Rasande nordmøringar gjekk i fakkeltog og aksjonerte for å bevare sjukehuset i Kristiansund. Kristiansund kommune gjekk til rettssak og tapte i to omgangar.

Også økonomisk har sjukehussaka vore vanskeleg. To gongar har anbodskontraktane blitt avlyst fordi det blei for dyrt. Det nye sjukehuset skal etter planen stå ferdig våren 2025.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo.

Krev at ei samtykkelov kjem på plass no