Hopp til innhold
Geiranger
Foto: Tore Ellingseter / NRK

Geiranger

  • Foreslår nei til bussløyve i Geiranger

    Fylkeskommunedirektøren i Møre og Romsdal finn ikkje at søknaden frå Strömma Norge AS om ruteløyve til å drive «hop on – hop off» sightseeing i Geiranger kan imøtekomast, melder fylkeskommunen. Både Stranda kommune og Geirangerfjorden Verdsarv er kritiske til ei tildeling og peiker på stor trafikk- og miljøbelastning i sine fråsegn, blant anna fordi det manglar trygge areal til busshaldeplassar og samanhengande gangvegnett. Dei meiner at bygda ikkje er skapt for store trafikkvolum, og at det å redusere belastninga bør være ei målsetting. Saka blir avgjort i samferdselsutvalet 1. februar.

    Geiranger
    Foto: Tore Ellingseter
  • Utsleppskrav blir ståande

    Det blir ikkje utsetting av utsleppskrava til cruiseskipa i Geiranger og Nærøyfjorden, skriv E24. For to år sidan anbefalte Sjøfartsdirektoratet å utsette krava om nullutslepp frå 2026. No foreslår direktoratet at kravet blir ståande. I staden meiner dei at skipa skal kunne bruke biogass fram til 2035.

    Cruiseskip, Geirangerfjorden
    Foto: Tore Ellingseter
  • Vil ha meir straum til Geiranger

    Kommunane Stranda, Stryn og Skjåk skal møte den politiske leiinga i Olje- og energidepartementet i dag der dei vil kople behovet for meir straum til Geiranger til kravet om ny Strynefjellsveg med arm til Geiranger.

    Løysinga er å leggje straumkablane gjennom tunnelen, men det føreset at det blir bygd ein ny Strynefjellsveg, seier Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad frå Senterpartiet.

    Cruiseskip, Geirangerfjorden
    Foto: Tore Ellingseter
  • Japansk storkonsern investerer i hydrogenfabrikk

    Japanske Mitsui investerer 70 millioner kroner i Norwegian Hydrogen, som skal bygge og drive hydrogenfabrikken på Hellesylt ved Geirangerfjorden. Det melder det norske selskapet i ei pressemelding. Japanarane blir dermed nest største eigar med 15 prosent. Anlegget skal produsere hydrogen frå siste kvartal av 2023, og skal blant annet forsyne skip som skal segle utan utslepp inn til Geiranger.

    Cruiseskip, Geirangerfjorden
    Foto: Tore Ellingseter
I dag vart første salve på skredsikringstunnelen mellom Korsmyra og Indreeide fyrt av. Tunnelen skal gje sikrare veg til Geiranger i vinterhalvåret, og blir 4.8 kilometer lang.
Inge Relling måtte brøye vegen opp til Dalsnibba i Geiranger.
En bussjåfør i Geiranger var bare sekunder fra å bli tatt av et skred i går. 
Flere skred i området aktualiserer nå behovet for skredsikringstiltak.