Hopp til innhold

Bygda har fått 30 nye fastbuande: – Ein våt draum for ein bygdeforskar

Den vesle turistbygda får hundretusenvis på besøk om sommaren, men har slite med å halde hjula i gang resten av året. No har dei fått om lag 30 nye fastbuande.

Geiranger opplever tilflytting og vekst.

TILFLYTTING: Elisabeth Bolli Anundsen, Martine Sørensen og Maren Haanes er tre av dei mange nye fastbuande i Geiranger. Dei har planar om å bli verande i bygda.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Snødekte fjellsider og tomme gater. Lyden av elva som renn gjennom bygda blir ikkje overdøyvd av begeistra turistar.

Det er vinter i Geiranger.

Men det er slett ikkje så stilt her som det først kan sjå ut som. Ifølgje ordføraren har dei nemleg fått om lag 30 nye fastbuande dei siste fire åra.

– Vi har kor her, og når ein først har blitt med på noko slikt dukkar det opp ting heile tida. Det er mykje å finne på, og det er veldig initiativrike folk i bygda, seier Maren Haanes. Ho er ein av dei mange nye tilflyttarane som no skal bu i turistbygda året rundt.

Maren Haanes er ein av dei nye fastbuande i Geiranger. Her på jobb på Hotell Union Geiranger.

Maren Haanes er ein av om lag 30 nye fastbuande i turistbygda Geiranger. Ho fortel at det var jobben på hotellet som lokka henne dit.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Har slite med busettinga

Både skulen og barnehagen i Geiranger har hatt store problem med å få tak i tilsette. For halvanna år sidan var det så få tilsette i barnehagen at den måtte halde stengt ein dag i veka. Skulen stod også i fare for å måtte legge ned.

Hotelldirektør Monja Mjelva gler seg over at dei no har fått fleire faste sambygdingar.

Det er veldig kjekt. Det betyr noko for trivselen for alle som bur i ei bygd, at økosystemet går rundt. At det er nok folk både i barnehagar, skular og på fritidsaktivitetar etter ein er ferdig på jobb. Det ser lyst ut i åra framover for Geiranger, seier hotelldirektør i bygda, Monja Mjelva.

Monja Mjelva, hotelldirektør for Hotell Union Geiranger.

Monja Mjelva er hotelldirektør for Hotell Union Geiranger.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Avgjerande med gode bustadar

Ein av årsakene til tilflyttinga er ifølgje bygdefolket 24 heilt nybygde leilegheiter. Det er eigarane av Hotell Union som har teke initiativ til å byggje leilegheitene, då både dei og andre arbeidsgjevarar trengde bustadar til sine tilsette.

– Vi er nesten overraska over kor positivt det har slått ut når det gjeld å få fleire fastbuande i Geiranger, seier Sindre Mjelva, som også er hotelldirektør.

Sindre Mjelva, hotelldirektør for Hotell Union Geiranger.

Sindre Mjelva er hotelldirektør for Hotell Union Geiranger, saman med kona Monja Mjelva.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Han seier dei nye bustadane gjer at hotellet får meir stabil arbeidskraft. For dei som skal arbeide må ha ein stad å bu. Og Mjelva skryt av at bygda også er nettopp ein god stad å bu.

Vi har mange gode eldsjeler som skapar veldig mykje aktivitetar utanom jobb, som gjer at livet etter klokka 16.00 er verdt å leve i Geiranger.

Vinter og snø i Geiranger

Sola står lågt på himmelen over dei snødekte fjella som omkransar bygda.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

I tillegg til leilegheiter som husar nye innbyggjarar, har bygda fått tilbake fleire viktige beredskapstenester det siste året.

Geiranger er ein av ni stadar som fekk gjenopprette politikontoret sitt i 2023 – rett nok berre på sommarstid. Eit nytt beredskapssenter for brann, ambulanse og politi skal no på plass.

I fjor sommar fekk bygda også tilbake tilbodet om lege i bygda kvar 14. dag.

Geiranger ligg idyllisk til inne i fjordane, men langt frå byar med mykje folk og arbeidsplassar.

Våt draum for ein bygdeforskar

– Det dei har fått til i Geiranger er det vi ønsker å få til i alle slike lokalsamfunn som vi har sett over år har mista fleire og fleire folk. Og når dei klarer å snu den trenden så gir det håp, seier Bjørn Egil Flø. Han er forskar og bygdesosiolog ved NIBIO.

Nedgangen i folketalet i distrikta kjem til å halde fram dei neste 30 åra, ifølgje SSB. Samstundes vil det verte fleire folk i byane.

Flø fortel at ein lenge har visst at arbeidsplassar har vore viktig for busetting. Men det har ikkje vore nok. Dei siste åra har ein sett at bustadar er avgjerande for å få tak i arbeidskraft. Difor er det dei har gjort i Geiranger viktig, seier han.

Bjørn Egil Flø

Bjørn Egil Flø er forskar og bygdesosiolog ved NIBIO. Han seier det er viktig for bygdene å skape møteplassar der tilflyttarar og dei som har budd der lenge får treffe kvarandre og utvikle lokalsamfunnet saman.

Foto: Henning Gulli / NRK

Ein må sørge for at der er tilgang på bustadar til dei som skal ha jobb. Dei som vil ha gode jobbar vil også ha gode bustader. Å sjå dei to tinga i samanheng er eit veldig viktig grep.

Flø er imponert over kva dei har fått til i Geiranger på få år.

For ein bygdeforskar er dette ein våt draum på mange måtar. Eit lite bygdesamfunn som får så mange nye tilflyttarar, det er gull verdt.

– Her blir eg

Martine Sørensen flytta til turistbygda for fem år sidan, og er framleis ein relativt fersk innbyggar. Ho vil råde andre til å gi små avsidesliggande bygder som Geiranger ein sjanse.

Viss du er glad i natur og du likar å vere ein del av ein samanslått gjeng og ha trygge rammer rundt deg, synest eg absolutt det er verdt å anbefale for andre. Eg har ikkje angra på nokon ting.

Eg skulle berre vere her ein sommar, men så snudde det heilt. For eg ville ikkje reise her ifrå i det heile tatt. Her vil eg vere. Og her blir eg.

Elisabeth Bolli Anundsen, Martine Sørensen og Maren Haanes framfor Hotell Union Geiranger.

Elisabeth Bolli Anundsen, Martine Sørensen og Maren Haanes framfor hotellet der dei har fått fast jobb. Dei er alle fornøgde med den nye heimplassen sin. – Det skjer ting heile tida, seier Haanes.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK