Hopp til innhold

Vil stoppe gigantisk oppdrettsanlegg tett på Geiranger

Eitt av verdas største landbaserte oppdrettsanlegg er planlagd ved innseglinga til verdsarvområdet. Riksantikvaren meiner anlegget truar naturarven.

Røbbervika på Sunnmøre, der det er planer om å bygge oppdrettsanlegg.

Oppdrettsanlegget er planlagt i ei nedlagt gruve i Raudebergvika i Storfjorden på Sunnmøre.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Planane til Roger Hofseth om å etablere eit oppdrettsanlegg i den nedlagde olivingruva i Raudbergvika i Storfjorden har møtt mykje motstand.

Oppdrettskongen vil bygge eit gigantisk landbasert anlegg med moglegheit til å produsere inntil 100.000 tonn laks i året.

Det skal bli eit av dei største og reinaste oppdrettsanlegg i verda, ifylgje Hofseth. Men plasseringa gjer det utfordrande.

Protesterer på planane

Riksantikvaren er ein av fleire som har kome med innvendingar til prosjektet.

Dei fryktar mellom anna utslepp til fjorden og korleis dette vil påverke naturarven, som har status som verdsarv i Geirangerfjordområdet.

Riksantikvaren meiner at eit slikt anlegg kan true verdsarvverdiane i Vestnorsk fjordlandskap.

Verdsarvstatusen heng særs høgt, og det er berre dei mest verdifulle stadene i verda som blir skrivne inn på lista, uttalar Hanna Geiran til NRK.

Ho seier at utsleppa av nitrogen i fjorden vil svare til avtrykket frå ein million menneske.

NRK har ettergått påstanden, og legg ein konsekvensutgreiinga oppdrettsselskapet sjølv bestilte til grunn, stemmer det.

Det vert dei same nitrogenutsleppa som om Oslo pluss omland skulle ha busett seg rundt den berømte fjorden.

Noreg har forplikta seg til å fylgje Unesco sitt regelverk, og Geiran seier at det er Riksantikvaren sitt ansvar å sjå til at vi tar vare på desse verdiane.

Unesco er bekymra og ho peikar også på at Unesco sine internasjonale ekspertar på naturarven i verda, IUCN, er imot utbygginga.

Riksantikvar Hanna Geiran

Riksantikvaren Hanna Geiran fryktar for det marine livet i fjorden, geologiske verdiar og konsekvensar for verdsarverdiane dersom oppdrettsanlegget blir bygd.

Foto: Rolf Petter Olaisen / NRK

Ligg utanfor verdsarvegrensa

Fjord kommune meiner at området gruva ligg i aldri har vore ein del av verdsarvområdet.

Området blei halde utanfor då kommunen blei innskriven i 2005, fordi det skulle vere næringsaktivitet der.

Terese Jemtegård Moen, ordførarkandidat i Fjord kommune.

– Hovudproblemet er at vi eigentleg er ueinige om kva som faktisk er verdsarv og ikkje, siger Terese Jemtegård Moen.

Foto: Privat

I 2022 kom UNESCO med ein rapport som konkluderte med at også berga innanfor Raudbergvika blei definert som verdsarvverdi, ifølge ordføraren.

Vi meiner at det ikkje er noko hindring for verdsarven at det blir aktivitet i Raudbergvika fordi det ligg utanfor verdsarvegrensa med alt som skal byggast visuelt, seier ordførar Terese Jemtegård Moen (Sp).

Ho opplever at det er heile kommunen som står på spel. Dei slit med å skaffe nok arbeidsplassar og mange flyttar frå kommunen.

Etter påske blir det mekling hos Statsforvalteren, med partane som har reist motsegn.

Ordføraren er budd på at saka går til regjeringa.

Illustrasjon av oppdrettsanlegget World Heritage Salmon som er planlagt i Raudbergvika.

Illustrasjonen viser korleis anlegget vil sjå ut frå sjøsida.

Foto: Norconsult

Kan vere ein fare for verdsarvstatusen

Riksantikvaren kom på bana etter at fylkespolitikarane i Møre og Romsdal la til side innvendingane som Møre og Romsdal fylkeskommune først kom med.

Fylkesordføraren seier Verdsarvrådet er einig i at anlegget kan byggast der, og han er kritisk til måten Riksantikvaren tolkar regelverket.

– Det kan sette heile verdsarvstatusen på spel, seier fylkesordførar Anders Riise (H) og utdjupar:

Du kan risikere at kommunane som er i knytt til Vestlandsk fjordlandskap ikkje synest dette er verd det fordi det går utover næringsutviklinga i desse kommunane.

Fylkesordfører Anders Riise (H) under debattbudsjetten i fylkesutvalget i Møre og Romsdal november 2023.

Anders Riise har likevel tru på det vil løyse seg til slutt. – Men dette skal vidare til mekling og sikkert til politisk behandling til slutt, og da vil eg tru at det nok er nokon som tar til fornuft.

Foto: Remi Sagen / NRK

Er opptatt av arbeidsplassar

Riksantikvar Hanna Geiran seier dei er opptatte av at det er både arbeidsplassar og liv i verdsarvområda, men meiner at kommunane må planlegge betre.

– Vi ser også at det kan vere mogleg å sette seg saman og planlegge for både arbeidsplassar og næringsverksemd viss ein tar omsyn til verdsarvverdiane og UNESCO-statusen.

Geiran meiner at anlegget som er planlagt ikkje er i tråd med kva Noreg forplikta seg til då Geirangerfjorden vart skriven inn på verdsarvlista. Føresetnaden den gongen var at det gamle gruvedriftsområdet skulle setjast i stand.

Framleis tru på løysing

Hos World Heritage Salmon har dei framleis trua på at det vil prosjektet vil bli realisert.

– Det er så mykje god, fagleg dokumentasjon i botn av dette prosjektet, og ikkje minst i reguleringsprosessen, seier prosjektleiar Svein Flølo.

– Det er gjort fleire omfattande utgreiingar knytt til utslepp frå anlegget.

– På oppdrag frå dykk?

– Ja, det er ekstremt mykje og god dokumentasjon på at dette skal vere trygt. Vi meiner at dette prosjektet kanskje er eit av dei beste og mest berekraftige prosjekta for landbasert oppdrett i Noreg, og kanskje i verda, seier Flølo.

Satser på lakseoppdrett i nedlagt olivingruve

Det er World Heritage Salmon som står bak satsinga i den gamle gruva i fjellet ved Raudbergvika. Prislappen vil bli på rundt 15 milliardar kroner.