Hopp til innhold

Politiet ber om meir pengar til prinsessebryllaupet

Politiet i Møre og Romsdal stiller med store mannskap i prinsessebryllaupet. Dei ber om ekstra pengar for å dekke kostnadene.

Politiet er på Hotel Union Geiranger for å planlegge prinsessebryllaup

Bryllaupet i Geiranger utløyser store politiressursar. Festen skal vere på Hotel Union Geiranger.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Bryllaupet til prinsesse Märtha Louise og Durek Verrett i Geiranger 31. august utløyser store politiressursar frå Møre og Romsdal politidistrikt.

Sjølv om bryllaupet er privat, og ikkje i regi av Kongehuset, er det venta at det kjem både kongelege og kjendisar frå inn- og utland.

Det er ikkje kjend kven som står på gjestelista i bryllaupet, men politiet seier at dersom det kjem gjestar som har krav på vern, er det politiet si rolle å sikre og beskytte arrangementet. Per no har ikkje politiet fått spørsmål om å beskytte gjestar.

– Ei slik bistandsanmodning har ikkje politiet i Møre og Romsdal mottatt per i dag, skriv stabssjef i Møre og Romsdal politidistrikt, Kenneth Sætre, i ei pressemelding.

Kenneth Sætre

Kenneth Sætre er stabssjef i Møre og Romsdal politidistrikt.

Foto: Remi Sagen / NRK

Politiet trur likevel det truleg kjem gjestar som politiet har arbeidsoppgåver knytt til og har difor planlagt tiltak, sjølv om oppdraget ikkje er bekrefta.

Nyleg var eit stor tal politifolk i Geiranger på synfaring for å planlegge logistikken rundt bryllaupet. Geografien og tilkomsten gjer tryggingsarbeidet krevjande.

Prinsesse Märtha Louise og Durek Verrett etter regjeringens festarrangement i forbindelse med prinsesse Ingrid Alexandras myndighetsdag i juni 2022 som ble holdt på Deichman Bjørvika, Oslos hovedbibliotek.

Prinsesse Märtha Louise og Durek Verrett lovar at det kjem ein del overraskingar i det norsk-amerikanske fusjonsbryllaupet.

Foto: Lise Åserud / NTB

Motorsyklar frå Oslo

Oslo politidistrikt skal sende fire politimotorsyklar til bryllaupshelga i Geiranger. Lokalt politi fryktar trafikkaos på vegane, og meiner at motorsyklar er viktige for beredskapen for å komme fort fram dersom noko uventa skjer.

I tillegg er planen at Nasjonale Bistandsressurser (NB) skal hjelpe til med eit helikopter til overvaking frå lufta, og personell og hundar frå bombegruppa.

Det siste er rutine på alle stader kongefamilien besøker. Livvaktseksjonen i PST har ansvaret for nærsikringa av kongen og familien hans. Også det er rutine, og desse blir til kvar tid følgde av livvakter.

Politidistriktet har også bedt Kystvakta om bistand.

Cruiseskip i Geiranger

Bryllaupet varer over fleire dagar og startar i Ålesund. I podkasten «HeartSmart Conversations» som kom onsdag seier Märtha sjølv at feiringa byrjar på torsdagen.

Bryllaupsgjestane kjem med båtar frå Ålesund til Geiranger fredag 30. august. Den dagen ligg det eit stort cruiseskip, «Norwegian Prima», i bygda. Skipet har rundt 2000 passasjerar om bord.

Laurdag kjem cruiseskipet «Silver Dawn», med plass til rundt 600 passasjerar og eit mannskap på 400, til bygda.

Desse cruiseturistane kjem til å myldre i dei tronge gatene, sykle og dra på utflukter med bussar, samstundes som dei kongelege og gjestane skal fraktast frå hamna til hotellet.

Det kryr av turistar i Geiranger

Slik ser det ut i Geiranger når det ligg cruiseskip til kai.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Vil stenge luftrommet

Politiet har søkt om luftromsrestriksjonar fredag 30. august frå kl. 06.00 og fram til natt til måndag 2. september for Geiranger sentrum for å kunne kontrollere helikopter-, småfly- og droneaktivitet over området. Denne søknaden har dei ikkje fått svar på.

Fylkesveg 63 gjennom Geiranger sentrum og nærområdet er open for trafikk bryllaupshelga, men kan bli stengt eller regulert på kort varsel grunna kapasitet på vegnettet, opplyser politiet.

Politiet ventar at det blir mykje folk i Geiranger denne helga og ber publikum om å bruke kollektivtransport både til sjøs og på vegen.

Geiranger, hordar av turistar tar selfie ved Flydalsjuvet, tre cruisbåtar i fjorden. Grøne og kvitflekka fjell.

Det er venta at det kjem mange skodelystne til Geiranger 31. august.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

Ber om ekstra pengar

Kostnader rundt politiet sitt oppdrag vert dekt av politidistriktet sjølve.

Fordi dette er eit ekstraordinært oppdrag for politiet, har Møre og Romsdal politidistrikt spurt Politidirektoratet om ei sentral finansiering på politiet sitt oppdrag er mogleg.

– Det er ikkje mogleg å talfeste kostnadane rundt politiet sitt oppdrag då vi ikkje veit omfanget av dette enno, uttalar Kenneth Sætre.

Politiet forsikrar at innbyggjarane i Møre og Romsdal vil få den same beredskapen lokalt som dei har elles.

Øyvind Kvalvaag er leiar i Politiets fellesforbund i Møre og Romsdal

Øyvind Kvalvaag er lokallagsleiar for Politiets Fellesforbund.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Bekymra for den ordinære drifta

Lokallagsleiar for Politiets Fellesforbund, Øyvind Kvalvaag er bekymra for kva bryllaupet får å seie for den ordinære drifta, og håper politiet får ekstra midlar.

– Går det meir ressursar på eitt oppdrag, så vil det medføre at andre ting kan bli stadig utsett og må nedprioriterast, seier Kvalvaag.

Han synest det er hyggeleg at prinsesse Märtha Louise og Durek vel å gifte seg i Møre og Romsdal og er sikker på at det blir eit interessant oppdrag.

Likevel trur han bryllaupet fører til ei ekstra belastning på dei som er att på sin arbeidsstad og skal drifte normal teneste med færre folk.

– Vi må planlegge for at vi får lågare bemanning i resten av distriktet på kostnad av ei høg bemanning i Geiranger i samband med bryllaupet, seier Kvalvaag.