Sapphire Princess
Foto: Halvard Alvik / NTB scanpix

Reiseliv og turisme Møre og Romsdal

Oppsummert

Her finn du nyheitsstoff om reiseliv og turisme i Møre og Romsdal.

  • Ønskjer utsett krav

    Senterparti-ordførar Jan Ove Tryggestad i Stranda er spent på om Stortinget forlengar fristen for krav om nullutsleppsfrie båtar i verdsarvfjordane. Fristen er 2026, men Frp har foreslått i Stortinget å forlenge den til 2030, og forslaget er no til behandling i nærings-komiteen. Tryggestad meiner fristen bør bli forlenga, fordi cruisenæringa treng meir tid på ei nødvendig omstilling.

    MSC Lirica cruiseskip
    Foto: Atle Markeng / NRK
  • Fryktar konkursar

    Espen Remme, regiondirektør i NHO, er bekymra for at bedrifter kan gå konkurs i løpet av våren. Koronapandemien har fått store konsekvensar for næringslivet, og særleg reiseliv og servicebransjar har vore hardt råka. Remme er spent på korleis det neste året blir. – Ein del innan reiseliv, hotell og restaurantnæringa hadde ein opptur i sommar, men har gått ein krevjande vinter i møte. Det finst kompensasjonsordningar, men situasjonen er utfordrande for mange. Det blir viktig å ha fokus på kva vi kan gjere for å få desse næringane opp igjen, seier Remme.

    Geirangerfjorden med cruiseskip og andre båter
    Foto: Sissel Brunstad / NRK
  • Mange søkte på lokale turmål

    Bruken av turportalen UT.no har auka kraftig i år, melder Den Norske Turistforening. På lista over dei mest søkte turmåla finn ein Romsdalseggen på andreplass og Rampestreken (bildet) i Åndalsnes på tredje. Desse har hatt ein auke i talet på søk med 143 prosent og 357 prosent.

    Rampestreken, Rauma
    Foto: Olaug Bjørneset / NRK
  • Frykter konkurser

    Hele fire av ti historiske hoteller og serveringsbedrifter risikerer å gå konkurs etter det voldsomme omsetningsfallet på grunn av koronapandemien. November og desember har vært blytungt for brorparten av de nær 100 hotellene og serveringsbedriftene i medlemskjeden De Historiske, skriver Dagens Næringsliv. Blant medlemsbedriftene i kjeden finner vi blant annet Hotel Union Geiranger og Hotel Union Øye. De fleste av de 66 hotellene og 26 spisestedene i De Historiske er familieeide og har ingen stor og kapitalsterk eier å lene seg på, skriver avisen.

    Hotel Union Geiranger
    Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK
  • Hotell sparer på sjølvbetjening

    Sunndalsøra hotell har gjort seg sjølvbetente for å tilpasse seg koronakrisa og følgene av den. Hotellet gjekk konkurs i haust, og har merka nedgangen i gjestar til Hydro, som dei er svært avhengige av. No har dei sett opp nytt bookingsystem og kodelåsar, samtidig som talet på tilsette er halvert. Hotelleigar Tollak Skogland seier dei sparer to millionar kroner årleg på omlegginga.

    Tollak Skogland
    Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK
Det er sterke reaksjonar på forslaget om å innføre turistskatt på Trollstigen. Turistikonet er eitt av dei mest besøkte i landet, og kan bli det første - der turistane må betale for å sleppe inn.
Dei fleste hotell og overnattingsplasser stengjer på dei raudasta dagane i jula. Men i Ørsta vil dei prøve noko nytt, nemlig å halde ope heile jula. Målgruppa er einslege frå heile distriktet.