Hopp til innhold

Slår alarm etter fleire store skred i Geiranger på kort tid: – Kjempestor trussel for liv og helse

Bekymringa i turistbygda er stor etter fleire dramatiske hendingar i vinter. For å unngå at liv går tapt reiser politikarane til Oslo for å få hastemidlar.

Ras i Geiranger

GJEKK NESTEN GALE: Sist veke gjekk det eit stort skred ved Granderøysa i Geiranger. Skredet var få sekund frå å ta Steinar Maråk og bussen hans, som denne gongen ikkje hadde skuleelevar om bord.

Foto: Tipsar og Statens vegvesen (innfelt)

– No håper eg verkeleg at det kjem ein rassikringstunnel, seier bussjåfør Steinar Maråk.

Steinar Maråk

Bussjåfør Steinar Maråk opplevde skredet på nært hald og er ein av mange bykymra innbyggjarar i Geiranger.

Foto: Remi Sagen / NRK

Han var berre fem sekund frå å bli tatt av eit stort skred som gjekk ved Granderøysa i Geiranger sist veke.

Og det var ikkje første gongen i vinter det heldt på å gå heilt gale i sunnmørsbygda som tek imot hundretusenvis av turistar kvar sommar.

17. januar var Sander Mossberg Hjelle og faren hans svært nær å bli tatt av ras då dei jobba på ei hytte ved Granderøysa.

Sander Mossberg Hjelle opplevde snøskredet 17. januar på nært hald.

Møte med statsråden

I helga var Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad i Geiranger for å snakke med innbyggjarane om den usikre situasjonen.

Jon Georg Dale

– Vi treng eit møte med statsråd Jon Georg Dale (biletet) for å få ekstraordinære midlar, slik vi ikkje hamnar i den berømte køen, seier Jan Ove Tryggestad.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Eg har inntrykk av at folk er redde. Innbyggjarane er vande med ras, men no går det ras også når det er godt ver og vegen er open. Eg har ingen problem med å forstå uroa. Grandefonna er ein kjempestor trussel for liv og helse, ikkje berre for folk i Geiranger, men også for folk som ferdast til Geiranger, seier Tryggestad.

Han får støtte av fylkesordførar Jon Aasen (Ap). No har dei invitert seg sjølve til eit møte med samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) så fort det let seg gjere, noko Dale skal ha takka ja til.

– Det er jo tydeleg dokumentert nesten direkte på TV kor nær ein var ei enormt stor ulykke. Vi ønskjer å få ekstraordinære rasmidlar for å bøte på denne strekninga, seier Aasen.

Steinar Maråk og bussen han køyrde var berre sekund frå å bli tatt av eit snøskred i Geiranger i dag.

Steinar Maråk og bussen han køyrde var berre få sekund frå å bli teken av eit snøskred i Geiranger 30. januar. Her ser du dramatikken filma frå avstand. Det er Hans Martin Homlong og Mari Lattik som filmar og snakkar.

Eksperten forstår bekymringa

Det har gått fleire skred i Geiranger denne vinteren, men det er dei to store ved Grande som har fått politikarane til å slå alarm.

Astor Furseth

Skredekspert Astor Furseth.

Foto: Mattias Rolighed Bergset

– Geiranger er eit skredutsett område, bekreftar Astor Furseth.

Han har gitt ut fleire bøker om skred og er også den som melder inn skred i Norge til vegvesenet.

– Det har skjedd fleire dødsulykker grunna skred i Geiranger, men ikkje ved Granderøysa. Eg forstår likevel godt bekymringa i denne saka, ikkje minst fordi det er skuleborn som blir køyrt på denne strekninga, seier Furseth.

– UNESCO-statusen kan ryke

Jan Ove Tryggestad

Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad er open for fleire løysingar, men ser for seg ein tunnel på 600–700 meter nedanfor Grandefonna, der det har gått to store skred den siste tida.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad fryktar ikkje berre for liv og helse. Han er også bekymra for eksistensen til den vesle sunnmørsbygda, der folketalet går nedover og no nærmar seg 200 innbyggjarar.

Geiranger vart i 2005 innlemma på den eksklusive verdsarvlista til UNESCO.

– Eit av krava for å vere på lista er å halde oppe busetnaden. Om folk flyttar forsvinn skular og barnehagar, og det betyr at UNESCO-statusen i verste konsekvens kan ryke, seier Jan Ove Tryggestad.

Geirangerfjorden med cruiseskip og andre båter

Ifølgje Store norske leksikon er det store geologiske verneverdiar og det slåande vakre landskapet som gjer at Geiranger står på UNESCO si verdsarvliste.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL