Hopp til innhold

Her gjer politiet seg klar til prinsessebryllaup i Geiranger

Det er stort oppbod av politi i Geiranger i dag. Dei planlegg korleis det store bryllaupet i august skal bli.

Politiet er i Geiranger for å planlegge prinsessebryllup

Politiet er no i gang med å planlegge tryggleiken i bryllaupet mellom Durek og Märtha Louise i august.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

31. august er ein stor dag i Geiranger. Då skal prinsesse Märtha Louise og Durek Verrett gifte seg.

Når kongelege gjestar og kanskje store utanlandske kjendisar kjem på besøk er tryggleiken viktig. Torsdag var det ein heil bråte med politi i den vesle turistbygda. Dei er på synfaring og har planleggingsmøte. Også politihelikopteret var på plass i dag.

Politiet var både nede ved hamna der gjestane truleg skal gå i land og på hotellet.

Det var TV 2 som først omtalte møtet.

Prinsesse Märtha Louise og Durek Verrett går arm i arm på vei inn til feiring av prinsesse Ingrid Alexandras 18-årsdag

Prinsesse Märtha Louise og Durek Verrett skal gifte seg i Geiranger.

Foto: Lise Åserud / NTB

Skal sikre gjestane

Politiet er sparsame med informasjon, men seier i ei pressemelding at dei er godt i gang med planlegginga, men det er framleis avklaringar som står att.

Bryllaupet er privat og dei kan difor ikkje uttale seg om arrangementet eller gjestane.

Om det kjem gjestar som har krav på vern, er det politiet si rolle å sikre og beskytte arrangementet slik at gjestane får ei trygg og god oppleving denne helga, skriv Iselin Nevstad Øvrelid, som er kommunikasjonsdirektør.

Ifylgje TV 2 må både fastbuande og turistar rekne med vegstenging i samband med bryllaupet.

Politi Geiranger

Bryllaupsfesten skal vere på Hotel Union Geiranger

Politi er på synfaring  i Geiranger før prinsessebryllup

Poltiet har gått rundt i Geiranger sentrum i dag

Politi på synfaring i Geiranger
Politiet er på synfaring på hamna i Geiranger

Her er politiet på synfaring i hamneområdet i Geiranger

Hotelldirektøren gler seg

Bryllaupsfesten skal vere på Hotel Union Geiranger. Dei kongelege har budd der fleire gongar tidlegare.

Hotelldirektør Monja M. Mjelva held også korta tett til brystet. Då nyhenda blei kjend i fjor sa ho at ho gler seg til denne augustdagen.

Monja M. Mjelva Hoteldirektør Unionen Hotel Geiranger

Hotelldirektør Monja Mjelva ser fram til bryllaupet i august.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Det er ei stor ære og veldig hyggjeleg å få lov til å ta imot brudeparet som har valt Geiranger og Hotel Union som plass å gifte seg, sa Mjelva.

Tidlegare direktør for hotellet, Karl Mjelva, har vore med på kongelege storhendingar tidlegare. Han brukar å køyre kongelege som kjem til Geiranger i ein veteranbil.

Om han kjem til å køyre Durek og Märtha Louise vil han ikkje svare på.

I april skreiv prinsesse Märtha Louise på Instagram at ho og Durek Verrett har fått nok i forkant av bryllaupet sitt, og at paret ikkje lenger vil svare på førespurnadar frå pressa.

Politihelikopteret var i Geiranger på synfaring 23. mai

Også politihelikopteret var på plass i Geiranger i dag.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK