Hopp til innhold

Del frå ventil ramla ned i gymsalen: – Svært alvorleg

Midt i skuletida kom ein metalldel flygande frå taket. No er to idrettshallar i Ålesund midlertidig stengt.

Kovikbakken ungdomsskole

Gymsalen ved Kolvikbakken ungdomsskole er midlertidig stengt.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Det var fredag formiddag at elevar ved Kolvikbakken ungdomsskole oppdaga at noko datt ned frå taket i gymsalen. Det var eit vifteblad frå ein tilluftsventil.

– Vi vurderer det som svært alvorleg. Visst det bladet hadde treft nokon kunne dei i verste fall ha blitt alvorleg skadd, seier Bjørnar Helland i Ålesund kommunale eigedom.

Ingen personar kom til skade, men kommunen har registrert hendinga som eit avvik. Både kommuneleiinga og hovudverneombod er informert om hendinga.

Bladet på ventil i taket på Kolvikbakken ungdomsskole losna

Det eine bladet på ventilen i taket losna, truleg etter å ha blitt treft av ein ball.

Foto: Nordvest Miljø

Trur at ball trefte ventilen

Ålesund kommune trur at ventilasjonen har blitt treft av ein ball, slik at delen losna.

– Det er beklageleg at det skal skje noko slikt i ein ny idrettshall, seier Helland.

Bjørnar Helland i ÅKE

Bjørnar Helland seier at som skjedde er beklageleg.

Foto: Idun Aalbu Rasmussen / NRK

Kolvikbakken skole er nybygt og vart tatt i bruk i august 2022.

No er hallen stengt fram til leverandøren av ventilen har fått gjort undersøkingar og funne ut kva som skjedde. Det arbeidet startar dei med i helga.

Også idrettshallen ved ein annan skule i Ålesund blir stengt. Emblem skole har same system.

Kommunen håper at hallane kan opnast igjen over helga.

Tar saka på alvor

Det er Nordvest miljø som har montert anlegget. Dagleg leiar Ole Jonny Rogne seier at dei tar saka på største alvor.

– Vi har no montert beskyttelsegitter i begge idrettshallane, slik at det ikkje skal skje igjen, seier Rogne. Det finst ikkje eit originalt gitter til ventilen, så gitteret som no er montert har dei ordna sjølv.

Nordvest miljø vil registrere dette som eit HMS-avvik i sine system og kontakte produsenten av ventilane. Denne type ventilar kan vere i bruk i idrettshallar i heile landet.

Leiinga ved Kolvikbakken ungdomsskule ynskjer ikkje å kommentere saka.

Plakat med informasjon om at gymsalen ved Kolvikbakken ungdomsskole er stengt

To idrettshallar i Ålesund er stengt i helga.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL