Hopp til innhold

Bålet brann ned for tidleg – no er gutane i rute igjen

Gutane bak det tradisjonsrike sankthansbålet har klart å bygge opp igjen bålet etter at det brann ned for tidleg. No er dei i rute til årets feiring.

Siste innspurt på Slinningsbålet i Ålesund. Gutane i bålgjengen står plassert oppover bålet og sender pallar mellom seg.

I RUTE: Bålgjengen har stått på for å reise Slinningsbålet igjen etter brannuhellet tidlegare i vår.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

For innbyggarane i Ålesund blir det ikkje ordentleg sankthans utan Slinningsbålet.

Bak kjempetårnet med pallar, står ein gjeng med frivillige gutar mellom 10 og 20 år.

I år fekk dei ei ekstra utfordring, då bålet ved eit uhell gjekk opp i røyk etter ti dagar med hardt arbeid.

– Det har gått overraskande bra. Det viser berre engasjementet til alle som er her, seier bålsjef Viktor Sunde.

Viktor Sunde er ein av bålsjefane for Slinningsbålet i Ålesund i 2024. Bildet viser Viktor som står rett framfor det 32 meter høge bålet.

Viktor Sunde er ein av bålsjefane for årets Slinningsbål.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Brann ned for tidleg

44 dagar før planlagt byrja det å brenne ute på Slinningsodden utanfor Ålesund. Bålet som allereie var seks meter høgt, blei borte.

Gjenoppbygging Slinningsbålet

Slik såg det ut morgonen etter Slinningsbålet brann ned ved eit uhell.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Det tok bålsjefen tungt.

– Det første eg tenkte på var om alle var trygge. Så kom sjokket, eg fekk nesten full panikk. Heile kroppen begynte å riste, seier Viktor Sunde.

Gjengen måtte starte på nytt. Med endå kortare tid til sankthans.

Bildet viser Slinningsbålet som straks er klart for Sankthans 2024. Gutane ber pallar fram og tilbake.
Mia Sofie Ytreberg / NRK

Slinningsbålet

Slinningsbålet blir bygd av frivillig ungdom, og blir tent laurdagen før Sankthans.

Slinningsbålet 2017
Øyvind Berge Sæbjørnsen

Populær bålbrenning

Folk kjem frå fjern og nær for å sjå bålet brenne. Kvart år er fjorden full av båtar.

Slinningsbålet i 2016 då det tok verdsrekord med nesten 50 meter.
Roar Halten

Verdsrekord

I 2016 fekk Slinningsbålet internasjonal merksemd då det blei godkjent som det høgaste bålet i verda, med nesten 50 meter.

Gutar står oppe i Slinningsbålet og sender gamle fiskekasser i tre mellom seg.
Mia Sofie Ytreberg / NRK

Bygd for hand

Verdsrekorden står ikkje lenger. Men Slinningsbålet er framleis heilt spesielt, fordi det blir bygd for hand, utan kran.

– Betyr så mykje

Men byen mobiliserte brennkjapt.

I løpet av kort tid blei 110.000 kroner og tusenvis av pallar samla inn for at ungdommane skulle få bygge det som bruker å vere det største sankthansbålet i Noreg.

Bildet viser bålsjef Viktor Sunde framfor Slinningsbålet i Ålesund. Viktor har svart hettejakke og caps, og smiler litt forsiktig til kamera.

– Vi fekk godt over tusen pallar berre dei første to dagane. Det sett vi utruleg stor pris på. Det betyr så mykje, all støtta vi får.

Viktor Sunde

Bålsjef

No er bålet oppe på 32 meter, og gjengen er godt i rute til laurdag. Årets design er også litt annleis enn tidlegare.

– Dette bålet har gamle fiskekasser. Vi prøver å lage eit retrobål frå 80-talet, fortel bålsjefen.

Han har sjølv har vore med å designa årets bål, blant anna ved å sjå på gamle bilde av Slinningsbålet.

– Som ein fritidsklubb

Det er barn og unge som kvart år går saman om å bygge bålet som blir tent laurdagen som er tettast på sankthansaftan.

Det er alt frå 10 til 20-åringar som er med å bygge bålet.

– Eg starta då eg var 8, men har vore her mest i år, seier, Bjarte Skar Nilsen, som no er 13 år.

Han synest det er veldig kjekt å henge med resten av gutane når dei bygger bål.

– Ein får mange nye venner, det er som ein fritidsklubb, seier han.

Slinningsbålet i Ålesund før det brann for tidleg i 2024.

Dette er det siste bildet som blei tatt 8. mai, før bålet brann ned. 2000 pallar gjekk med i flammane.

Foto: Bålgjengen

I år har dei eit generasjonsskifte blant bålbyggarane. Ein del har gitt seg, og nokre nye har kome til. Og ifølgje bålsjefen Viktor Sunde, så har dei plass til mange fleire.

– Det er berre å møte opp, så skal du få vere med å bygge.