Hopp til innhold

Kommunen utvida skjenketida – mot viljen til utestadene

Dei fleste utestadene ville stenge kranene klokka 2, men politikarane vedtok skjenking ein time ekstra. No tar fleire til orde for like reglar i heile landet.

Gjenåpning av Terminalen i Ålesund

NEI TAKK: Dagleg leiar Synnøve Sandnes på Terminalen i Ålesund er mot ein time ekstra med skjenking. Biletet er tatt ved gjenopninga etter ei koronanedstenging.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Kommunestyret i Ålesund styrer med meir enn regnbogeflagg.

I dag bestemte dei at ølkranene i byen skal få vere opne til klokka 03:00.

På tvers av ønsket til politiet – og bransjen sjølv.

Alkohol på utested i Oslo

Bør landet ha like skjenkereglar?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Vil ha nasjonale skjenkereglar

– Dette er merkeleg når nesten heile bransjen har sagt at me ikkje ønsker å utvide skjenketida, sa Synnøve Sandnes ved Terminalen før vedtaket blei gjort.

Ho meiner er det er fleire ulemper knytt til ei endring av skjenketidene. Blant anna har dei nesten ingen omsetning etter klokka 02.00.

– Samtidig er det utfordrande å få folk til å jobbe endå lenger. Det gjer det vanskeleg for oss å skaffe personale.

Når meiner du utestadane bør stengje?

Ivar Breivik driv fleire utestader i Ålesund, og synest avgjerda til politikarane er feil.

– Mitt personell har vore klar på at klokka to held. Me ser ingen grunnlag til å ha opent til klokka tre, sa han med tanke på omsetninga deira.

Ivar breivik som driver XL-gruppen i Ålesund.

Ivar Breivik driv XL-gruppa i Ålesund.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Breivik ønskjer at det skal vere ein nasjonal skjenkeavgjerd.

– Det handlar om å få føreseielegheit. I fire år kan du halde opent til klokka tre, og så dei neste åra kan du halde opent til klokka to.

– Meir vald og krim

Politiet i byen har sterkt fråråda endringa, sidan dei trur at utviding av skjenketidene vil føre til meir ungdomskrim, meir vald og uro på nattetid.

Det var fleirtalet ved Høgre og Frp i spissen som gjorde vedtaket.

– Det er pussig at «lov og orden-partiet» Frp ikkje høyrer på politiet her, sa Sindre Nakken i Ap.

Han la til at det ikkje mangla på åtvaringar da dei stramma inn i 2016, og at det blei åtvara mot både massevaldtekter og mange brannar som ville komme om skjenkinga stoppa klokka 02.

– Men det har gått bra, sa Nakken i Ap.

Les også Mer skjenking gir mer vold

Skjenking

– Makt frå politikarane

– Det er frivillig å halde opne, og når det gjeld vald og krim er det nokre få som øydelegg for mange. Dei fleste i Ålesund er lovlydelege, sa Gunnar Krüger i Høgre.

Lars Mikael Barstad Løvold, første nestleder i FpU.

Lars Mikael Barstad Løvold er også første nestleiar i FpU.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

– Dette handlar om fridom til folket, la Lars Mikael Løvold i Frp til.

– Trur de ikkje folk flest har fått i seg nok klokka 2 om natta?

– Innbyggjarane i Ålesund klarer å styre dette heilt fint på eigenhand.

– Politiet trur det blir meir vald og ungdomskriminalitet. Kva inntrykk gjorde desse argumenta?

– Dette handlar også om å ta makt frå politikarane og gi den tilbake til innbyggjarane og næringslivet sjølv, seier FpU-nestleiaren.

Ømer Karadag, kokk ved Smia i Kristiansund.

Kommunen innførte krav om tariffavtale for å få skjenke alkohol: – Ulovlig