Hopp til innhold
Ferje på Furneset
Foto: Tore Ellingseter / NRK

Samferdsel i Møre og Romsdal

  • Ferjesamband innstilt heile laurdag

    Hovudvegen inn og ut til turistbygda Geiranger er stengt også laurdag.

    Det skriv Fjord1 fredag ettermiddag.

    Det er venta lange køar i området etter at ei av ferjene på sambandet Eidsdal-Linge krasja inn i ferjekaia fredag.

    Først søndag blir det gjort ei ny vurdering av om det er mogleg å opne sambandet.

  • Set inn passasjerbåt

    Fjord1 vil sette inn ein passasjerbåt på fylkes 63 mellom Eidsdal og Linge frå klokka 17 fredag.

    Ferjesambandet er stengt etter at ei ferje kolliderte med kaia litt tidlegare fredag. Det er lange køar i området.

  • Vil ha vurdert besøksbidrag og bompengar i Trollstigen

    Ni av dei 10 millionane som er Møre og Romsdal fylkeskommune sitt bidrag til rassikring av Trollstigen, blir finansiert gjennom ein momskompensasjon som blir utløyst av det statlege bidraget på 40 millionar kroner.

    Det kom fram under det ekstraordinære møtet i fylkesutvalet no i ettermiddag.

    Regjeringa legg 40 millionar kroner på bordet. Møre og Romsdal fylkeskommune skal bidra med 10 millionar.

    Fylkesutvalet har gitt tommelen opp for å sette i gang rassikring av Trollstigen umiddelbart, men vil og ha vurdert både besøksbidrag og bompengar som ei langsiktig løysing. Framstegspartiet røysta i mot dette punktet.

    – Eg vil gi fylkesordførar Anders Riise ros for den gode jobben han har gjort gennom ein veldig konstruktiv dialog med departementet og ein veldig ryddig måte å gjere dette på, sa Line Hoem (Ap).

    Trollstigen
    Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK
  • Om 3 år kommer det fjernstyrte tårn til Ørsta-Volda lufthavn

    Avinor og Kongsberg Gruppen inngår avtale om kjøp av sju fjernstyrte tårn. De skal styres fra Bodø lufthavn og være operative fra 2027.

    De sju lufthavnene som Avinor nå kjøper fjernstyrte tårn til, er Båtsfjord, Vadsø, Sørkjosen, Sandane, Mosjøen, Ørsta-Volda, og den nye lufthavnen i Mo i Rana som skal være klar i 2027.

    Avtalen mellom lufthavnselskapet og Kongsberg Gruppens luftfartsavdeling (Kongsberg Defence & Aerospace) er en utvidelse av Remote Towers-programmet, opplyser Avinor i en pressemelding.

    Bodø lufthavn styrer allerede elleve tårn som også er del av dette programmet.

    Widerøe, Hovden
    Foto: Arne Flatin / NRK