Hopp til innhold

Håkon Lykkebø Strand (27) frå Frp blir ordførar i Ålesund

Nesten ei veke etter valet er det klart kven som blir ordførar i den største byen i Møre og Romsdal. Etter åtte år med Ap er det Frp som skal bere ordførarkjeda.

ordfører Ålesund Håkon Lykkebø Strand (Frp) Monica Molvær (H)
Foto: Remi Sagen / Remi Sagen

I fleire dagar har det vore forhandlingar om ordførarvervet mellom valvinnarane Frp, Høgre og Ålesundslista.

Søndag kveld blei det klart at Håkon Lykkebø Strand frå Frp blir ny ordførar i Ålesund. Monica Molvær frå Høgre blir varaordførar.

– Eg vil takke Høgre og Ålesundslista for gode og konstruktive samtalar med mykje samarbeidsvilje. Innbyggarane kjem til å merke at det har blitt eit skifte i kommunen, seier Lykkebø Strand i ei pressemelding.

Har sete i bystyret i to periodar

Lykkebø Strand (27) har vore bystyrerepresentant for Framstegspartiet sidan 2015. Han har jobba på daglegvarebutikk i 13 år.

Han fortel at ein av dei viktigaste sakene for dei har vore å få gjennomslag for reduksjon i eigedomsskatten og nei til del to av bypakken i Ålesund.

ordfører Ålesund Monica Molvær (H)

Monica Molvær frå Høgre blir varaordførar.

Foto: Remi Sagen / Remi Sagen

Framstegspartiet blei det største partiet i Ålesund med 13 mandat, medan Høgre fekk 11. Ålesundslista og Arbeidarpartiet fekk begge 7 kvar.

– Vi har brukt mest tid på å forme ei brei politisk plattform som skal danne grunnlaget for ein ny kurs for Ålesund, seier Monica Molvær i pressemeldinga.

For dei har det vore viktig å hindre byggestopp i kommunen, få ned saksbehandlingstida og satse på lågterskeltilbod for rus og psykisk helse.

Ålesund

Ålesund er den største byen mellom Bergen og Trondheim.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK Luftfoto

Molvær (37) blei valt inn i Ålesund bystyre i 2011 og har hatt ei rekke politiske verv. Ho har jobba som politisk rådgjevar i Solbergregjeringa, og er i dag fylkesleiar i Høgre.

Også utteljing for Ålesundslista

Sidan 2015 er det Eva Vinje Aurdal frå Arbeidarpartiet som har vore ordførar, men no blir det altså eit maktskifte.

Høgre og Frp får støtte frå Ålesundslista, der Hans Kjetil Knutsen blir leiar for planutvalet.

For dei har det vore viktig med fleire sjukeheimsplassar og ei ny vurdering på gateterminalen i Keiser Wilhelmsgate.