Hopp til innhold

Ålesund kommune snur – skulane får flagge under pride

Barne- og ungdomsskulane i Ålesund får likevel lov til å flagge med regnbogeflagg for å markere pride. Det bestemte kommunestyret i dag.

Regnbueflagg

FÅR FLAGGE: Kommunestyret i Ålesund har bestemt at skulane får lov å flagge med prideflagg.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Politikarane i kommunestyret har no bestemt at skulane skal få flagge under pride, men det blir opp til kvar enkelt skule om dei vil det eller ei.

For omtrent to veker sidan blei det kjent at kommunedirektøren i Ålesund hadde bestemt at skulane ikkje skulle flagge med regnbogeflagg for å markere pride.

Det skapte sterke reaksjonar landet rundt, og mange viste motstand til avgjerda på sosiale medium. Ein rektor valde også å trasse kommunen, og heiste flagget på skulen i protest.

På grunn av den store motstanden ombestemte ordføraren seg og sa at politikarane i Ålesund skulle ta den endelege avgjerda.

No er den tatt, og kommunen har snudd.

Jon Steven Hasseldal, kommunedirektør, i kommunestyremøte i Ålesund kommune.

Kommunedirektør Jon Steven Hasseldal sitt vedtak om at skulane ikkje får flagge med regnbogeflagg er no omgjort.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Fleirtal mot flaggnekt

Varaordførar Monica Molvær (H) tok tidleg ordet då saka blei behandla i kommunestyret i Ålesund torsdag kveld.

Ho var tydeleg på at ho meinte skulane skal få flagge, og peikte på at homo framleis er eit mykje brukt skjellsord på skulen, og blant vaksne på fotballtribunen.

Det er berre to år sidan folk blei skote på, fordi dei elska nokon av same kjønn. Når vi ser alt grumset i kommentarfelta, ser vi at det er desto større grunn til å heise flagget til topps.

Alle forelskingar og sommarfuglar burde vere like mykje verdt, sa Molvær.

Monica Molvær kommunestyre møte, pride flagging på skoler

Varaordførar i Ålesund Monica Molvær frå Høgre.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Arbeidarpartiet sine representantar i kommunestyret møtte torsdag opp i T-skjorter med trykket «Stolt pappa» i regnbogens fargar. Geir Ove Leite i partiet heldt eit personleg innlegg frå talarstolen.

Dette er for Johanne, mi vesle dotter, som ho alltid vil vere. Vi kan ikkje ta ned flagget før mi dotter, hennar kjærast, og alle andre kan leie kvarandre over alt. Eg håpar kommunestyret seier nei til forbod og ja til å flagge. Helsing stolt pappa, sa Leite, tydeleg rørt.

Geir Ove Leite i Arbeiderpartiet på talarstolen i bystyresalen i Ålesund kommune. Han har på T-skjorte med trykket "Stolt pappa".

Geir Ove Leite (Ap) snakka på vegner av dottera si, då han gjekk på talarstolen under kommunestyremøtet i Ålesund.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

KrF var einaste parti som stemte for å halde fram med flaggnekt på skulane i kommunen. Tore Johan Øvstebø i partiet stilte spørsmål til kven som no skal avgjere om skulane skal flagge eller ikkje.

Eg har lite tru på at dette vert enklare om vi no overlèt til kvar enkelt skule å bestemme dette. Kven skal då ha siste ord? Foreldra i FAU, barna i elevrådet, eller rektor?

Foreslo påbod

Arbeidarpartiet, Miljøpartiet dei grøne, Raudt og Sosialistisk Venstreparti fremma også eit forslag om at skulane skulle få påbod om å flagge med regnbogeflagget under pride.

Ålesund kommune bør vise veg i denne saka, og markere at alle har dei same rettigheitene. Eg fremmar eit forslag frå SV, Ap, MDG og Raudt, om å pålegge skulane å flagge under pride.

Dette forslaget blei nedstemt med 29 mot 18 stemmer.

Ålesund kommunestyremøte behandlar saka om prideflagging i skulane.
Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Forventa utfall

Ei fersk undersøking gjort for NRK viser at 64 prosent av befolkninga meiner myndigheitene ikkje skal forby skulane å flagge for å markere pride.

På tysdag var det formannskapsmøte i Ålesund kommune, og også der valde eit stort fleirtal å gå inn for at skulane sjølve skal bestemme om dei vil flagge eller ikkje.

Også der var det berre KrF som stemte for at dei ikkje skal flagge.

Les også Meiner pride bør ut av skulen: – Skulen skal vere fri for politikk og ideologi

Amanda Iversen Orlich

Til hausten skal det også bli utarbeidd eit flaggreglement for Ålesund kommune. Vedtaket som blei gjort i kommunestyret i dag vil gjelde fram til flaggreglementet er på plass.