Hopp til innhold

Pappa tør ikkje sleppe Adrian (6) åleine i hagen

Bussar, bilar og turisttog passerer huset til Terje Hopland på veg til eit av landets mest populære turistmål. Han fryktar det skal skje ei ulykke.

Terje Hopland saman med sonen Adrian. Dei bur i Fjelltunvegen og ser ein turistbuss køyre forbi

Terje Hopland står i hagen saman med sonen Adrian og ser at turistbussane køyrer forbi.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

To enorme cruiseskip ligg til kai i Ålesund, med plass til nær 12.000 passasjerar.

Høgdepunktet for mange av turistane er den ikoniske utsikta frå Akslafjellet. Dei som ikkje orkar å gå dit, blir frakta i buss. Forbi småbarnsfamilien sitt hus.

Hopland står i hagen og ser at den eine turistbussen etter den andre køyrer forbi. I tillegg passerer bytoget, drosjer, privatbilar, bubilar og motorsyklar.

– Eg skjøner godt at turistane vil hit. Turistane er velkomne, men det blir mykje trafikk når mange tusen skal fraktast opp denne vegen her, seier Hopland.

Kan ikkje leike åleine

Han torer ikkje sleppe ut sonen Adrian (6) åleine i hagen på grunn av den store trafikken. Ofte står faren med hjartet i halsen fordi bilar køyrer altfor fort i 30-sona.

Hopland hevdar at mange køyrer minst det doble av fartsgrensa i byggefeltet.

Terje Hopland bur i Fjelltunvegen i Ålesund der mange turistbussar køyrer forbi på veg til Aksla og Fjellstua

Terje Hopland skulle ynskje at det fanst ein annan måte å frakte turistar til Aksla på.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

– Her er det ungar som skal lære seg å sykle, det er folk som er ute og luftar hundane. Bussar ryggar og det manglar fotgjengarfelt, seier Hopland.

Frå 1. mai blei det forbode å køyre bussar over 11 meter på dei smale vegane til Aksla.

Hopland merkar at det har blitt mindre busstrafikk enn i fjor på grunn av dette forbodet, men han fryktar at turistselskapa i løpet av sommaren kjem til å sette inn fleire kortare bussar.

Adrian Matteo Dyb Hopland spelar fotball i hagen i Fjelltunvegen i Ålesund

Adrian Matteo Dyb Hopland får ikkje lov å vere ute åleine i hagen.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

200 bussar per dag

Det kryr av barnefamiliar og unge langs vegen opp til Aksla. I fjor sommar passerte det 200 bussar forbi dagleg. Det viser ei trafikkteljing.

Tyske Danielle Klaner er på toppen av Aksla saman med ein vrimmel av andre turistar. Ho held eit godt tak rundt barna sine, i mylderet av folk, bussar, bilar og syklar.

– Vi såg nokre bussar som var nær å krasje, seier Klaner, som sjølv gjekk opp til utkikspunktet.

Dei britiske venninne Sue Drury og Jean Booth står inntil autovernet for å sleppe trafikken forbi.

– Vi må halde utkik og trekke inntil kanten. Vi er heldige som klarer å gå opp, seier dei to.

Danielle Klaner er cruiseturist og har gått opp til Fjellstua/Aksla i Ålesund

Danielle Klaner har gått opp trappene til utkikspunktet på Aksla.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Skal måle kva vegen toler

Ålesund kommune er fullt klar over den krevjande trafikksituasjonen og har bygd fartshumpar, sett ned fartsgrensa og innført lengdegrense på bussane.

I slutten av månaden skal vegen analyserast for kor tung trafikk den toler.

– Den analysen kan vise at akselasten må ned. Dersom den må ned vil det kunne føre til at bussar ikkje kan køyre der i det heile tatt, seier verksemdleiar Pergunn Rødseth Gjersbakk.

Drøymer om stolheis

I bustadfeltet der Terje Hopland bur har sonen Adrian kome heim frå skulen. Dei vinkar til bytoget som køyrer forbi, og turistane vinkar tilbake.

Hopland er stolt over at dei vil sjå byen, men skulle ynskje turistane slapp å køyre forbi hans nabolag. Han drøymer om at dei kunne tatt ein slags gondol opp til utkikspunktet.

– Det ideelle hadde vore dersom vi kunne få til noko liknande som Fløibanen, seier Hopland.

Kø for å kome på Hop on hop off buss på Aksla/Fjellstua i Ålesund

Det er kø for å få plass om bord i bussen

Buss, bytog og gåande på Aksla/Fjellstua

På Aksla er det bussar, bytog, gåande og privatbilar

Buss og syklistar på Aksla/Fjellstua

Vegane til Fjellstua/Aksla er smale

NRK anbefaler