Bjørkedalen er på mange måtar ein del av utkantnoreg. Men med E39 tvers gjennom bygda, og med tettstadane Nordfjordeid og Volda like ved kan dei føle seg sentralt plassert.
- Var vedtaket om å la E39 vere ein del av den nye, ferjefrie E39 rett? Sei meininga di i kommentarfeltet under artikkelen.
Med ei midtre line for den ferjefrie E39 ville hovudvegen mellom Sørlandet og Trøndelag ha gått langs Bjørkedalsvatnet. Men politikarane ville det annleis. No er den indre lina valt. I staden for å gå via Nordfjordeid og Folkestad skal vegen gå via Stryn og Austefjorden.
- Les også:
- Les også:
– Svært uheldig for distriktet
I Bjørkedalen er det årets varmaste dag. Og graset på markane skal haustast. I sørenden av Bjørkedalsvatnet er Per Helset i full sving med å fylle siloane med saftig gras. Både unge og gamle må trå til på ein dag som denne. Og samstundes tek dei imot campingturistar.
– Vi merka det med ein gong Kvivsvegen vart opna. Det kom langt færre turistar hit. Det er veldig uheldig for distriktet her at regjeringa vil legge E39 på strekninga Volda- Austefjorden – Stryn, seier Per Helset.
- Les også:
- Les også:
– Det er lagt mykje pengar i Kvisvegen
Men reisa til Bjørkedalen startar eigentleg i Volda sentrum, bygda som uansett ville vere vert for den nye, ferjefrie E39. Spørsmålet var om vegen skulle kome via Kvivsvegen i aust, eller kome i form av ei bru over Voldsfjorden.
Benkane og kring uteborda i Volda er fylt opp av solhungrige voldingar denne dagen. Ved den idylliske småbåthamna har folk også kasta skjorta. Og salet av is og leskande drikke har nådd nye høgder. Systrene Randi Monsholm og Eva Moltumyr har møtt kvarandre i sentrum og kosar seg med kvar sin kaffi og is.
– Vedtaket som regjeringa har gjort er heilt rett. Det er lagt så mykje pengar i Kvivsvegen at det skulle berre mangle at E39 ikkje skulle gå gjennom Kviven. Sjølvsagt skal han det, seier Randi Monsholm. Ho legg til at vegvalet har vore mykje diskutert i Volda, og at ho vonar at ho ikkje får for mange mot seg når ho no støttar regjeringa.
- Les også:
- Les også:
– Ferja går framleis
Volda kommune har gått inn for den midtre lina, med bru over Voldsfjorden. Slik kunne både Bjørkedalen, Folkestad og Dalsfjorden knytast nærare til kommunesenteret. I dette perspektivet ligg også ei nærare tilknyting til Eid, Vanylven og Vågsøy.
– Det er klart at det ville ha vore kjekt med bru til Folkestad. Men ferja går no framleis, seier dei.
- Les også:
- Les også:
– Glad eg slepp Stigedalen
Det er mykje folk som nyt sola i Volda sentrum denne dagen. Lenger borte i gata sit Stine-Brith Sunde saman med Solfrid Moe og nyt sommarvarmen.
– Eg støttar valet av indre line. Slik slepp vi Sigedalen. Den vegen er ikkje god på vinters tid, seier Stine-Brith Sunde.
– Men der ville vel vegen bli utbetra?
– Det hjelper ikkje. Kviven er uansett best, seier ho.
- Les også:
- Les også:
– E39 gjennom Eiksundtunnelen er feil
Stine-Brith stammar frå Ørsta. Og i solskinnet er ho raskt frampå med eit anna stridsspørsmål. Denne saka er for lengst avgjort, men lever framleis blant folket: E39 skal gå via Hareid og ikkje over Festøy.
– Der skjønar eg ikkje logikken. Kvifor skal vegen ta ein slik stor sving? Det beste ville vere å leggje han rett fram på Vartdalsstranda og å krysse Storfjorden med bru mellom Festøy og Sula, seier ho.
Ved same bordet som Stine-Brith sit Solfrid Moe. Dei to er heilt samde i dette spørsmålet. Sjølv om vedtaket om Kvivsvegen er ferskast, er det svingen som vegen skal ta via Ulstein og Hareid som engasjerer mest.
– Valet av Kviven er heilt rett. Men det var feil å sende vegen gjennom Eiksundsambandet og ut til Ulstein og Hareid, seier ho.
- Les også:
– Gler oss til tunnel gjennom Utvikfjellet
I ferjekai i Volda sit Arne Aam og Anbjørg Vie Aam utanfor bubilen sin. Det er sommar og sol, og sola kan verkeleg nytast medan ein ventar på ferja. Dei to bur i Førde men har feira pinse på Sunnmøre.
– Det var heilt rett å velje Kvivsvegen, seier dei.
Dei bur i fylket der trasevalet kanskje har vore mest omdiskutert, Sogn og Fjordane. I traseen som no er valt ligg eit prosjekt som dei har stor sans for.
– For oss vil tunnel gjennom Utvikfjellet ha stor betydning, seier dei.
Ferja legg til kai i Volda. Ut av ferja strøymer vogntog på vogntog. I ferjekøen står fire vogntog, mange personbilar og ein bubil og ventar. Det er stor trafikk på ferja, sjølv midt på dagen.
- Les også:
– Ferja tener oss godt
På ferja er også Per Arne Åkenes. Han bur på Folkestad. På Folkestadsida har han parkert bilen sine, og i Volda har han vore fotgjengar.
– Ferja har tent oss som bur på Folkestad godt. Ho fraktar oss rett til Volda sentrum, og vi treng ikkje å ta med oss bilen over fjorden. Sånn sett klarer vi oss godt utan brua som ville ha kome om den midtre linja hadde blitt valt. Så Europavegen må gjerne gå inne på Kvisvegen, seier Åkenes.
Han er mest oppteken av at ferja mellom Folkestad og Volda får halde fram med hyppige avgangar også etter at Kvisvegen har teke over som E39-strekning.
– Det aller verste er at regjeringa valde å legge E39 ut til Ulstein og Hareid. Her må det ha vore ein sterk lobby som fekk gjennom eit vedtak som strir mot fornufta, seier han.
– Men her lever vi godt med ferja og den er vi avhengige av, seier han i det han låser seg inn i bilen sin og køyrer heim.
Ferda går vidare i retning sør, langs den noverande E39, gjennom Straumsham, Kile og opp dalen og sør til Bjørkedalen. Ved det idylliske Bjørkedalsvatnet er slåtten i full gang, i denne bygda som er kjend for båtbyggjartradisjonane.
– Vegen vår må framleis vere stamveg
På garden til Jakob Helset er ein båteigar i ferd med å feste eit stort vikingskip til tilhengaren. Vikingskipet har segla på Mjøsa i 20 år, og er «heime» i Bjørkedalen for reparasjon.
Han har vore med og kjempa for den midtre lina, med bru mellom Anda og Lote, der vegen går via Nordfjordeid, Stigedalen, Bjørkedalen, Folkestad og med bru over Voldsfjorden.
– Vi er skuffa. Og vi forstår ikkje argumentasjonen for den indre lina. Fagrapportar talar imot vedtaket som er gjort, og det stemmer ikkje at den indre lina er kortare og billigare enn den midtre, seier Jakob Helset.
Han meiner at vedtaket er gjort på sviktande grunnlag, og tykkjer det luktar litt vondt av heile prosessen kring linevalet. Nokon omkamp trur han imidlertid ikkje på, og meiner dei som har kjempa for den midtre lina no må ta utgangspunkt i at valet er gjort, og at dei no må innrette seg på å leve best mogleg med det valet som er gjort.
– For oss blir det viktig at vegen gjennom Stigedalen, Bjørkedalen til Folkestad og vidare til Volda framleis skal ha status som stamveg. Det betyr at det skal vere staten, og ikkje fylket, som skal ha ansvaret for vegen og ferja. På denne måten skal vi sikre oss at det framleis vert ein skikkeleg rutefrekvens på ferja mellom Volda og Folkestad, seier han.