Hopp til innhold

Ny E39: Bonden Emilie (35) kan få firefelts motorveg gjennom garden

I Bokn kan opptil fem prosent av befolkninga bli ramma av den nye vegen.

Bonden Emilie Moi Eikje i Bokn

Nyleg fekk Emilie Moi Eikje beskjed om at ein motorveg kan bli laga gjennom garden hennar. No følgjer ein periode med uvisse for både henne og Bokn.

Foto: Rosa Iren Villalobos

For to år sidan tok Emilie Moi Eikje (35) over familiegarden i Bokn, den vesle kommunen på 855 personar nord i Rogaland.

Ho slutta på kontor for å bli bonde. Det hadde ho planar om å gjere resten av yrkeskarrieren.

Men nyleg fekk ho ein beskjed frå Statens vegvesen som gjer at planane har fått eit skot for baugen: Ein firefelts motorveg kan bli lagd gjennom garden hennar.

– Den vil ta heile hagen, den dyrka marka og utsikta. Den vil øydeleggje alt, seier Eikje, som ikkje forventa at motorvegen skulle bli ei problemstilling då ho overtok garden frå foreldra.

I Bokn kan 20 husstandar bli ramma av planane. Det utgjer rundt fem prosent av befolkninga på 855 i kommunen.

Emilie Moi Eikje (35) i Bokn.

Emilie Moi Eikje har 120 sauer, 35 kyr, og dessutan slaktegris og hest på garden.

Foto: Rosa Iren Villalobos

Vil spare 30 minutt med ny veg

Ferjefri E39 er Noregs største samferdselsprosjekt nokosinne. Éin av planane i prosjektet er å byggje ein motorveg med fire felt mellom Bergen og Stavanger.

Dersom planen blir ein realitet, vil ein kunne reise mellom dei to storbyane på to timar. Det er halvparten av dagens reisetid med bil.

Og her kjem den 67 kilometer lange strekninga mellom Bokn i Rogaland og Bømlafjorden i Vestland inn.

Her er det mogleg å spare cirka 30 minutt med ein ny veg, ifølgje Statens vegvesen.

Bokn Bømlafjorden E39

Å knytte Bokn og Bømlafjorden tettare saman er ein viktig del av målet om å kunne køyre mellom Bergen og Stavanger på to timar.

Foto: Magnus Ekeli Mullis

Denne veka presenterer Vegvesenet eit såkalla «planprogram» for E39 for strekninga. Eit planprogram er viktig, fordi det definerer kva område som skal greiast ut og til sjuande og sist bli til ein flunkande ny veg. Først skal forslaget ut på høyring.

Totalt er det 140 husstandar på strekninga frå Bokn til og med Sveio som har fått eit brev i posten. Her står det at eigedommen deira kan bli ramma av ein motorveg i framtida.

Bonden Emilie Moi Eikje trur uvissa blir tung å bere. Ho vil byggje eit nytt fjøs til kyrne, men tør ikkje investere dersom det blir motorveg der i staden.

– Viss eg mistar landbruksareala mine, kan eg ikkje produsere mat til dyra. Då må eg anten byrje å kjøpe inn mat eller leggje ned, seier Eikje.

To korridorer mellom Bømlafjorden og Bokn

Desse to vegkorridorane skal konsekvensutgreiase vidare.

Foto: Magnus Ekeli Mullis

Les også Ut mot regnestykker om arbeidsplasser på datasenter: – Blir som å sammenlikne epler og pærer

Strømforbruket til et datasenter på Kalberg vil trolig være på 1,7 til 1,8 terawattimer i året.

Ordføraren kritisk

I planprogrammet har Statens vegvesen laga to alternativ til veg gjennom Bokn. Begge har store konfliktområde, skriv Vegvesenet.

Den nye ordføraren i kommunen Egil Våge (Sp) skulle ønskje at forslaga tok mindre jordbruksjord, lyng og hei.

Han fryktar at alt av investeringar og utvikling i kommunen blir frosne medan ein ventar på ei avgjerd om motorvegen.

Ordføraren trur folk vil flytte frå Bokn dersom eit av forslaga blir ein realitet.

– Vi har ikkje noko å tilby av byggjefelt eller erstatningstomter, seier Våge.

Den nye ordføreren Egil Våge (Sp) og den nylig avgåtte ordføreren Osmund Våga (Sp) leser det nye planprogrammet på strekningen Boka - Bømlafjorden på E39.

Den nye ordføraren Egil Våge (Sp) og den nyleg avgåtte ordføraren Osmund Våga (Sp) er samde om at Vegvesenets forslag legg band på Bokn som kan påverke kommunen negativt.

Foto: Rosa Iren Villalobos
To korridorer gjennom Bokn

Her er dei to vegkorridorane som blir skisserte av Statens vegvesen.

Foto: Magnus Ekeli Mullis

Heller ikkje den nyleg avgåtte ordføraren i kommunen Osmund Våga (Sp) er særleg begeistra.

Han meiner også at det vil tyngje kommunen at det ikkje er eitt, men to, forslag til veg gjennom Bokn.

– Viss det kjem to slike soner, vil dei bandleggje store delar av det utbygde området i Bokn. Det kan vi ikkje godta, fordi det vil setje så store avgrensingar på utviklinga, seier Våga.

Konfliktområder i Bokn

I begge forslaga er det store konfliktområdet.

Foto: Magnus Ekeli Mullis

Statens vegvesen: – Alle vil kjenne nokon som er ramma

Henry Damman, planleggingsleiar i Statens vegvesen, legg ikkje skjul på at vegen kan få negative konsekvensar for urørt natur og innbyggjarar i Bokn, Tysvær og Sveio.

– Det er veldig dramatisk. Alle vil kjenne nokon som er ramma. Men dette ønskjer vi å greie ut no, seier Damman, som seier at det vil gå halvtanna år før Statens vegvesen vil tilrå éi av dei to skisserte strekningane.

Henry Damman er planleggingsleder i Statens vegvesen

Henry Damman er planleggingsleiar i Statens vegvesen.

Foto: Rosa Iren Villalobos

Og når kan vegen bli klar?

Det er uvisst. Først skal han få plass i Nasjonal transportplan, i statsbudsjettet og i lokale og regionale prioriteringslister. Dersom alt går etter planen for vegvesenet, vil bilar kunne rulle på vegen ein gong mellom 2038 og 2040.

Og dei positive konsekvensane?

– Lokalsamfunnet kan få ein ny, sikrare og meir framkommeleg veg, seier Damman.

Hei!

Har du innspill til denne saken? Eller kanskje du har tips til andre saker? Send meg gjerne en e-post!