Hopp til innhold

Bruker slektsforsking til å kjempe mot rasisme

Gjennom eit studieprosjekt lærar elevane i Volda meir om sitt felles opphav. Målet er å kjempe mot rasisme og fordommar.

I eit klasserom på Volda vidaregåande skule sit fleire spente elevar klare. Framfor dei har dei kvar sin DNA-test.

– Eg visste at eg hadde lyst å vere med på dette med ein gong eg høyrde om det. Eg synest det er spennande å finne ut kor slekta mi kjem frå og kvar dei har vandra frå, seier Ane Øvrelid Solås (18).

– Eg har alltid vore sjalu på kompisane mine når dei seier at dei har slekt her og der. Når eg søkte opp mi slekt så var alle frå området her. Det er kjekt å gå litt tilbake i tid, seier Ronnie Hauge Sætre (18).

Ane Øvrelid Solås. Elev ved Volda videregåande skule.

Ane Øvrelid Solås er spent på kva resultatet kjem til å vise.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Finne det som er felles

Kvart år kan elevar i tredjeklasse melde seg til å DNA-teste fars- eller morslinja si tilbake i tid.

Formålet er å finne det elevane har til felles og å gjennom det kjempe mot rasisme og fordommar. Elevane synest det er fint å lære at alle kan ha eit felles opphav.

– Eg tenker at det setter oss alle i eit perspektiv. Det får oss til å tenke forbi «oss mot dei»-mentaliteten, seier Mirko Benjamin Losinno-Dahl.

– Det er viktig å forstå kvar vi kjem frå, men i like stor grad er det gøy og spennande. Det at alle kan kome frå omtrent same plass er stilig, seier Ronnie Hauge Sætre.

Mirko Benjamin Losinno-Dahl og Ronnie Hauge Sætre

Mirko Benjamin Losinno-Dahl og Ronnie Hauge Sætre synest det er fint å lære meir om det dei har til felles med medelevane sine.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Prosjektet «Mitt afrikanske DNA», har vore gjennomført ved Volda vidaregåande skule sidan 2016.

– Namnet har det fått fordi vi alle kjem frå same utspring i Afrika. Røter er viktig for oss som menneske. Det å vite kven vi er og kvar vi kjem frå, er noko som ligg fundamentert i oss alle, seier lektor Gunnar Sigve Aurdal.

Lektor Gunnar Sigve Aurdal ved Volda vidaregåande skule.

Gunnar Sigve Aurdal (bildet), biologilektor Olav S. Myklebust og historielektor Ragnar Didrik Osdal står bak undervisingsopplegget. I haust fekk dei tre historieundervisningsprisen 2023. Dette var første gong at Den norske historiske forening (HIFO) delte ut prisen.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Bruker seg sjølv i undervisninga

Det studiespesialiserande prosjektet er eit samarbeid mellom biologi-, historie- og naturfaget. At elevane bruker seg sjølv i undervisninga synest dei er givande.

– Det er kjempekjekt og lærerikt. Det gjer det meir spennande og enklare å følge med på det vi lærer, seier Hauge Sætre.

– Når ein har eit stort overordna tema gjennom alle faga så gir det noko til opplevinga av å lære, som ein ikkje får så ofte, seier Mirko Benjamin Losinno-Dahl (18).

Ronnie Hauge Sætre, elev ved Volda vidaregåande skule deltek på eit sleksforskingsprosjekt.

Ronnie Hauge Sætre synest det er lettare å lære når han kan bruke seg sjølv i undervisninga.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Har gjort etiske vurderingar

Aurdal vektlegg at dei har gjort grundige etiske vurderingar i samband med at elevane blir DNA-testa og at personvernet står i fokus. Han fortel at testane dei bruker berre viser dei lange linjene om kvar elevane stammar frå.

– Testfirmaet får ikkje vite namn, alt blir sendt inn anonymt. Det står i mitt namn og eit nummer som eg har i ein database, så det kan ikkje bli spora til elevane på nokon måte. Det blir heller ikkje testa for sjukdomar eller gir informasjon om nær familie.

Elevar ved Volda videregåande skule DNA-tester seg for å finne meir informasjon om slekta si.
Foto: Silje Bjerknes / NRK

Skulen har også tett dialog om prosjektet med Møre og Romsdal fylkeskommune, som har det overordna ansvaret for dei vidaregåande skulane. Aurdal fortel at det er klare retningslinjer frå testfirmaet om å ikkje selje noko vidare til tredjepartar.

Lektor Gunnar Sigve Aurdal ved Volda vidaregåande skule.

Lektor Gunnar Sigve Aurdal seier dei har gjort grundige etiske vurderingar før dei starta på prosjektet.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Vi har køyrt full risikoanalyse gjennom fylket. Det var ein omfattande jobb, så elevane er trygge. Vi har gått nøye gjennom dette for å sikre elevane, seier han.

Ane Øvrelid Solås har fortalt familien sin om at ho er med på prosjektet. Ho er ikkje er bekymra for det ho sender frå seg.

– Nei. Det er jo ikkje ein test som viser detaljerte ting om nær slekt eller sjukdomar. Det er meir fokus på kvar mi eldste slekt kjem frå.

Les også Kai-Samuel blir spurt om hjelp til slektsforskning hver dag

Slektsforskar Kai-Samuel Vigardt leitar i arkivet.

Håper å lære meir

Losinno-Dahl er spent på resultatet og håper det gir han meir informasjon om slekta si.

– Faren min er italienar og eg veit omtrent kvar farfaren min kjem frå. Det hadde vore veldig kjekt om eg kan finne ut litt meir om historia til farsslekta mi gjennom dette.

– Han var frå sør i Italia. Der var det mange kulturar og etnisitetar, så eg trur det kan blir eit spennande resultat, legg han til.

Mirko Benjamin Losinno-Dahl

Når resultatet er klart får den enkelte elev vite kva det viser. Dei kan så velje om dei vil vere ein del av ein presentasjon som samlar alle linjene og viser kva dei har til felles.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Les også Flere unge vil grave i slekta

Zara blar i papirer på jakt etter oldefaren