Hopp til innhold

Trur det er lenge til det kjem bru over fjorden

Transportnæringa i fylket er splitta i synet på E39-avgjerda til den blåblå regjeringa.

Rolf Olav Tenden

DELT: Lastebileigarforbundet, med stryningen Rolf Olav Tenden i spissen, har tidlegare støtta opp om Kvivsvegen som del av E39. No er ynskjet deira høyrd.

Foto: Silje Guddal / NRK

Etter år med krangling og venting, kom avgjerda seint måndag kveld.

Statsminister Erna Solberg og regjeringa hennar flyttar E39 frå midtre til Indre Nordfjord.

– Det viktigaste for oss er korte og føreseielege vegar, utan for høge stigningar. E39 er ein gjennomfartsveg, og den skal vere kort og rask, seier fylkesleiar Rolf Olav Tenden i Lastebileigarforbundet.

Samferdsledepartementet legg til grunn at E39 vil gå over Anda - Lote fram til ny bruløysing er på plass i indre Nordfjord. Prioritering av tiltaka på strekninga Skei - Volda vil bli vurdert nærare i arbeidet med Nasjonal transportplan 2018-2027.

Indre trasé er også den traseen fylkeslaget har støtta tidlegare.

– Eg trur det er lenge til ein får sjå bru over fjorden. Her blir det tautrekking om midlar og traséval, seier Tenden og meiner yrkessjåførane også i framtida vil ta nytte av ferjesambandet i midtre.

For mange representerer overfartane høve til ein liten pause.

– Det kjem jo an på kvar ein skal. Valet for kvar ein køyrer blir deretter, seier han og legg til at ei SMS-undersøking blant dei kring 100 medlemene i fylket gav kring 50/50 oppslutnad på indre og midtre trasé.