Hopp til innhold

– I vegspørsmål er det aldri berre vinnarar

Statsministeren meiner at Kvivsvegen er det rette valet. Det er ikkje alle einige i.

Ordfører stranda, volda og fylkesordfører

Ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad, voldaordførar Arild Iversen og fylkesordførar Jon Aasen er ikkje heilt samde i kva dei syns om regjeringa si avgjerd som kom måndag kveld.

Foto: NRK

Regjeringa har valt indre linje som inneber at E39 skal gå i tunnel under Utvikfjellet, før vegen kryssar Nordfjorden via ei hengebru ved Svarstad i Stryn, før den vert kopla på Kvivsvegen på nordsida. Alternative vegar for E39 mellom Sunnmøre og Nordfjord har vore Stigedalen eller Kvivsvegen.

Måndag kveld letta statsminister Erna Solberg (H) på sløret og fortalde om vegvalet. Ho peikar på at Kvivsvegen vart opna i fjor, og at dei store investeringane i den nye vegen mellom Volda og Hornindal har medverka til avgjerda.

– Det betyr at ein får gjort seg nytte av dei store veginvesteringane som allereie er gjort med Kvivsvegen og i Hjartåberga i Volda, seier Solberg.

Feirar vegvalet

Jan Ove Tryggestad

Ordførar i Stranda kommune, Jan Ove Tryggestad, seier at regjeringa sitt val er heilt i tråd med det Stranda vil.

Foto: Trond Vestre / NRK
Arild Iversen

Voldaordførar Arild Iversen har lenge kjempa for at E39 skulle gå via Stigedalen, og er skuffa over statsministeren si avgjerd.

Foto: Trond Vestre / NRK
Jon Aasen

Fylkesordførar Jon Aasen jublar, og meiner at dette er det beste alternativet.

Foto: Trond Vestre / NRK

Ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) i Stranda er glad for valet av det som blir omtalt som indre trase.

– Vegen er viktig for indre delar av både Sunnmøre og Nordfjord. Og vi er godt nøgde sidan regjeringa sitt val er heilt i tråd med det Stranda kommune meiner, seier Tryggestad som seier seg einig med Solberg om kvifor E39 bør koplast på Kvivsvegen.

Tryggestad seier at det hadde vore rart å ikkje bruke vegen mellom Volda og Hornindal som ein del av framtidas E39. Men strandaordføraren forstår at mange er skuffa over avgjera.

– Det er klart at dei som har vore gjennom ein lang kamp om midtre alternativ er skuffa. Men når det gjeld vegspørsmål er det aldri berre vinnarar. Det vil alltid vere nokre som ikkje er nøgde.

Skuffa etter ein lang kamp

Voldaordførar Arild Iversen (KrF) har kjempa for ein midtre trase, det vil seie at den ferjefrie E39 skulle gå via Stigedalen og bru over til Voldsfjorden. Han er skuffa over valet til statsministeren og trur at regionen blir mindre med det indre alternativet.

– Det siste året har vi arbeidd hardt for å få til den midtre traseen som det no ser ut til at det ikkje blir noko av. Vi meiner at den ville gitt den største samfunnsnytta som kan kvitte seg med to ferjesamband. Men regjeringa har valt annleis og det må vi respektere, seier Iversen som gjerne skulle sett at sambanda Volda-Folkestad og Lote-Anda vart avslutta.

Dette betyr indre trase for Møre og Romsdal

Fylkesordførar Jon Aasen (Ap) har fått det han har kjempe for, og har difor ein veldig god dag.

– Eg meiner at dette var ei klok, riktig og framtidsretta avgjerd. Dette betyr mykje fordi E39 er vegen gjennom fylket vårt. I dag er vegane gjennom Stranda, Hellesylt og Hornindal mykje brukt, og den vegen stoppar når ein kjem til ein håplaus veg i Stryn.

Møre og Romsdal har allereie tre alternativ for å kome seg sørover. Men ifølge Aasen så stoppar vegen når ein kjem til Sogn og Fjordane, og difor er denne avgjerda det beste alternativet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL