Hopp til innhold

Solberg: – Kvivsvegen blir del av ferjefri E39

Nye E39 skal gå mellom Hornindal og Volda. Det kom fram seint måndag kveld.

Erna Solberg

Regjeringa har bestemt seg i valet mellom indre og midtre trasé, seier Erna Solberg til Aftenposten.

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK

Statsminister Erna Solberg seier til Aftenposten at avgjersla er teken.

Bru mellom det noverande ferjesambandet Anda- Lote, eller bru lengre inne med tunnel gjennom Utvikfjellet. Det var alternativa regjeringa stod mellom i førre veke, og no har dei kome fram til ein konklusjon.

Billegare alternativ

Kvivsvegen, der Solberg sjølv deltok i opninga av ei strekning i september 2012, vann. Ifølgje statsministeren er det prislappen som gjorde at det var den indre traséen som gjekk av med sigeren.

– No kan vi begynne med detaljplanlegginga. Dess raskare veivala vert tekne, dess lettare blir det å få fortgang i arbeidet, seier ho til Aftenposten og legg til at ei avgjersle ikring Møreaksen er det neste på gjeremålslista.

E39 alternativa gjennom Nordfjord

Det har lenge vore spørsmål om E39 ville krysse Nordfjord med bru der dagens ferje går mellom Anda og Lote, eller med bru lenger inne i fjorden mellom Svarstad og Frøholm.

Foto: Statens vegvesen

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL