Hopp til innhold

Usikkerheit kring store milliardprosjekt: – Trur det sit langt inne å skrinleggje heilt

Mange er spente på korleis regjeringa vil knyte saman landet vårt i åra som kjem. I mars kjem svaret i Nasjonal transportplan. Eitt av spenningsmomenta er om visjonen om ein ferjefri E39 er liv laga.

Hordfast

Hordfast sør for Bergen er eitt av fjordkryssingsprosjekta som er planlagd på E39.

– Eg likar veldig godt å reise med ferje. Det er avslappande, og det er gjerne tid for å ta ein pause.

Vi er midtfjords mellom Vestnes og Molde. Og ferja held stø kurs. Roger Graber og kona Inga har sett seg ned ved eitt av dei mange borda i ferjesalongen.

For dei som er på tur, er dette den raskaste vegen. Og på ferja får du gjerne tid til ein pust i bakken.

– Dersom nokon har køyrt lenge for eksempel så kan du faktisk slappe av litt når du kjem på ferja. Kanskje ta ein kopp kaffi, og vakne litt igjen.

Roger og Inga Graber på ferga mellom Vestnes og Molde.

Å reise med ferje er avslappande, seier Roger og Inga Graber.

Foto: Trond Vestre / NRK

Eit stort hinder

Ferjene bind saman kysten vår frå nord til sør. Skal du reise, dra på jobb eller frakte varer ut til marknaden er du ofte avhengig av ferje.

Men for nokon er ferjene eit stort hinder. Ikkje minst for dei som driv fabrikkar og industri på øyene.

Ved Vikenco i Aukra i Møre og Romsdal er optimismen stor. Dei siste åra har dei satsa kring ein milliard kroner. Men ferjer og fjordar er ein bremsekloss for fiskeindustribedrifta som held til på ei øy ut i havgapet.

Direktøren vil erstatte ferjene med eit fastlandssamband som skal binde saman to øysamfunn med Molde og Vestnes. Det er mykje som står på spel, seier Per Olav Mevold.

– Det er alfa og omega for oss. Dette er framtida for Møre og Romsdal. Skal vi vere eit tyngdepunkt innan marin industri må vi ha dette på plass. For Vikenco er det veldig viktig. Kortare transporttid inneber færre kostnadar.

Per Olav Mevold, administrerende direktør i Vikenco i Aukra.

Administrerande direktør i Vikenco, Per Olav Mevold, meiner det hastar med å få bygd fjordkryssingssambandet Møreaksen.

Foto: Trond Vestre / NRK

Ein ferjefri E39

Visjonen om ein ferjefri E39 blei fødd for snart 15 år sidan. Deretter samla Vestlandsrådet seg om eit krav om bygging. Fleire av vegprosjekta fekk etter kvart plass i Nasjonal transportplan.

Arbeidet med Rogfast nord for Stavanger er i gang. Neste i køen skulle vere Hordfast sør for Bergen og Møreaksen over Romsdalsfjorden. Solberg-regjeringa ville ha dei to prosjekta. Bygginga skulle starte no.

Les også Nye klimaberekningar viser negativ samfunnsnytte for motorvegen

Modell av Hordfastbrua over Bjørnafjorden.

Dei som kjempar for desse vegprosjekta, meiner dei vil ha stor effekt for samfunnet. Transporten av varer går raskare. Og det blir lettare å skaffe arbeidskraft.

Men det vil koste fleire titals milliardar kroner. Og kampen om pengane er beinhard. No er spørsmålet kva skjebne dei får i den nasjonale transportplanen.

– Eg tør ikkje kome med noko stalltips, seier avdelingsleiar ved Transportøkonomisk institutt, Kjell Werner Johansen.

Tøffe prioriteringar

Han har følgt norsk samferdselspolitikk gjennom mange år. Han veit at det handlar om tøffe prioriteringar. Samferdselsministeren har kalla den noverande transportplanen for urealistisk.

Så det kan bli trongt om plassen. Skal ein satse på noko som kostar mykje pengar så vil det gå ut over noko anna.

For Hordfast og Møreaksen kan dette innebere at dei blir skubba ut i det uvisse.

– Anten blir eitt av dei eller begge prioritert tidleg i neste periode, eller så blir dei omtalt i planen på ein måte som inneber at dei ikkje får plass før i andre del av perioden. Men eg trur det sit langt inne å skrinleggje dei heilt.

Kjell Werner Johansen, assisterende direkør i Transportøkonomisk institutt.

Avdelingsleiar Kjell Werner Johansen i Transportøkonomisk institutt er spend på kva regjeringa vil foreslå i Nasjonal transportplan (NTP).

Foto: NRK

Men både Hordfast og Møreaksen er omstridde og møter motstand. Det er ulike grunnar til det.

Ein viktig grunn er kampen om pengane. Dei som kjempar for sine vegar, fryktar ein bråstans dersom dei store fjordkryssingsprosjekta blir prioritert.

Vegar mellom fjordane

Og Jan Ove Halsøy i Noregs Lastebileierforbund meiner det er heilt feil å prioritere desse. Han vil heller satse på å byggje vegar mellom fjordane.

– Signala er at den nasjonale transportplanen blir redusert. Då meiner eg det er rett prioritering å sikre kvardagsvegane mellom fjordane. Det blir mindre pengar til desse dersom vi skal satse på dei store prosjekta. Det ligg i korta.

Jan Ove Halsøy, Norges lastebileierforbund

Jan Ove Halsøy i Norges lastebileierforbund er ikkje i tvil om kva han meiner regjeringa bør satse på.

Foto: Brynjar / NRK

På ferja mellom Molde og Vestnes går livet sin vante gang. Torstein Engeland og Øystein Aabrekk frå Nordfjordeid er på tur. Og ingen ting er som ete pølser på ferja.

Ferje er heilt greitt for dei to karane. Bruer og tunnelar i staden for ferje er heller ikkje så verst. Men når dei blir spurt om å velje, er svaret klart.

– Må eg velje så vil eg heller ha ein god veg med ferje, sjølv om det då vil ta litt lengre tid.

Torstein Engeland og Øystein Aabrekk fra Nordfjordeid på ferga mellom Vestnes og Molde.

Torstein Engeland og Øystein Aabrekk slappar av på ferja mellom Vestnes og Molde.

Foto: Trond Vestre / NRK

Men han som har satsa på slakting og foredling av fisk på ei øy ut mot havgapet i Møre og Romsdal, har ikkje tid til å vente. Per Olav Mevold vil starte bygging av Møreaksen no.

– Det er klart det hastar. Utbyggingstida er på ti år. Vi håpar at vi kan sjå konturane av denne vegen kring 2030.

Les også Listhaug vil stoppe vegutbygging som skal erstatte ferje

Sylvi Listhaug, partileiar i Framstegspartiet

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Fredag gjekk det eit steinras i Trollstigen. Foto: Dag Christian Ugseth i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Steinras i Trollstigen – kjem ikkje til å påverke opninga