Hopp til innhold

Ny rapport: Næringslivet vil tjene éin milliard meir over ti år med bru over Lote-Anda

Næringslivet vil tene éin milliard kroner meir over ti år om brua over Nordfjord kjem over Lote – Anda enn alternativet i Stryn.

Torger Reve, professor på BI

MEIREFFEKT: BI-professor Torger Reve har sett på kva dei to alternativa betyr for næringslivet.

Foto: Johan B. Sættem

Det viser ein rapport laga av BI på oppdrag frå Statens vegvesen.

BI-professor Torger Reve seier det er ein klar skilnad mellom dei to alternativa, som begge er nøye gjennomgått i den nye rapporten.

Bru mellom Lote og Anda over det partiet av Nordfjord som av Reve blir kalla Hundvikfjorden, gir klart størst vinst for næringslivet.

Skal brua gå over Faleidefjorden i Stryn lenger inne, blir effekten for næringslivet over éin milliard kroner mindre over ti år. Det kjem fram i ein rapport som BI la fram i går, på oppdrag frå Statens vegvesen.

Har sett på meireffekten

– Om ein ser på Hundvikfjorden så er noverdien av den auka verdiskapinga over ei ti års periode på opp i mot tre milliardar, og godt under to milliardar over Faleidefjorden. Så Lote-Anda kjem klart best ut i vår analyse, seier Reve.

BI har rekna på kva meireffekten frå dagens situasjon med ferje blir av å knyte saman to regionar med ei bru med frå 45 minuttar til ein times pendlaravstand.

– Vi ser på kva effektar det har for næringslivet. Om ein får eit sterkare næringsliv, eit meir robust næringsliv og eit meir verdiskapande næringsliv. Det er det vi reknar på, vi brukar data frå alle bedrifter som finst i området, og ser på korleis arbeidsmarknaden blir felles, seier Reve.

Tidlegare har også økonomiprofessor Victor Norman ved NHH gjort utgreiingar som viser størst samfunnsnytte for midtre trasé. Reve har ikkje målt samfunnsnytta i sjølve rapporten, men målt effekten for næringslivet på Vestlandet av å bygge ferjefri E39.

Har rekna på heile E39

Den nye rapporten blir ikkje uventa teken i mot med begeistring av Venstre-ordførar i Eid, Alfred Bjørlo

– Eg tenkjer at dette er nok ein rapport som syner det vi no har fått ein overveldande dokumentasjon på, nemleg at å legge brua midt i regionen gir betydeleg større effektar på næringsliv og arbeidsmarknad enn å legge brua inst i fjorden, seier Bjørlo.

Alfred Bjørlo

NØGD: Eid-ordførar Alfred Bjørlo er nøgd med

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

BI har rekna på heile E39 frå sør til nord, og næringslivsvinsten kjem i tillegg til alt kjende tal for samfunnsnytte. Reve har derimot ikkje teke med i reknestykka om det skal byggjast ny veg over Stigedalen til Sunnmøre.

Ny midtre line mellom Eid og Volda med bru over Voldsfjorden vil truleg gjere næringslivsvinsten endå større fordi Gloppen, Eid, Ørsta og Volda blir ein samla region, ein kan også innan ein time nå Ulstein frå Nordfjord. Men meir veg vil også auke kostnadane.

Meiner rapporten har faktafeil

Forkjempar for indre, Svein Sunde, likar heller ikkje uventa rapporten frå Reve dårleg.

– Eg har ikkje fått sett meg skikkeleg inn i rapporten, men eg er kjend med at det har komme ein rapport som ikkje har noko med konsekvensutgreiingane å gjere, men som er ein del av forskingsbiten på E39, seier Sunde.

Svein Sunde

FEIL: Forkjempar for indre, Svein Sunde, meiner rapporten har fleire feil.

Foto: Privat

Han meiner det er punkt i rapporten som ikkje er rett.

– Det vi veit allereie er at det er vesentlege feil i rapporten. Vi kjem til å be om eit møte med BI og Reve for å få klårleik i dette, seier Sunde.

– Mellom anna seier dei at Stranda høyrer til på Lote region, men Stranda høyrer ikkje heime til Svarstad region. Vi som kjenner området, veit jo at det er fullstendig feil, seier Sunde.

Har ikkje tidlegare vore tekne med

BI-professor Torger Reve meiner på si side at den nye rapporten gir eit viktig bidrag til å forstå dei positive sidene ved å bygge vegar. Han meiner anslaga er forsiktige og truverdige.

– I tidlegare analysar har ikkje desse effektane vore med i det heile, dei har tvert om blitt sett vekk ifrå. Vi nyttar veldig konservative anslag for dette, så vi overdriv ikkje effektane. Nokon meiner tvert om at vi er for forsiktige. Så dette gir eit veldig positivt bidrag inn i investeringskalkylane, meiner Reve.

Rapporten viser at også i dei folketunge områda på Vestlandet gir ferjefri E39 enorme ringverknadar. I Rogaland snakkar ein om 17 milliardar kroner i årleg verdiskaping.

Kryssinga av Sognefjorden kjem dårlegast ut på grunn av høg pris. Nordfjord kjem noko betre ut på grunn av meir næringsliv, og lågare pris på bruene.