Hopp til innhold

Regjeringa har bestemt seg - her skal E39 gå gjennom Nordfjord

Regjeringa har bestemt at E39 skal krysse Nordfjorden med bru ved Svarstad i Stryn.

Erna Solberg intervjues i vandrehallen

HAR BESTEMT SEG: Statsminister Erna Solberg meiner ein får igjen meir for investeringane i Kvivsvegen ved å leggje E39 via Stryn.

Foto: Siv Sandvik / NRK

Dermed har regjeringa altså valt indre linje som inneber at E39 skal gå i tunnel under Utvikfjellet, før vegen kryssar Nordfjorden via ei hengebru ved Svarstad i Stryn, før den vert kopla på Kvivsvegen på nordsida.

Statsminister Erna Solberg (H) peikar på at Kvivsvegen vart opna i fjor, og at dei store investeringane i den nye vegen mellom Volda og Hornindal har medverka til avgjerda.

– Det betyr at ein får gjort seg nytte av dei store veginvesteringane som allereie er gjort med Kvivsvegen og i Hjartåberga i Volda. Det er to område der det er bygd ny veg nyleg, seier Solberg.

Har litt lågare kostnad

Ho peikar på at indre alternativ også er litt mindre kostbart enn dei andre alternativa.

– Det er ein veginvestering som har litt lågare kostnad, samt at det vert litt kortare køyretid, enn det midtre alternativet, seier Solberg.

I 2011 var prisen sett til 4,5 milliardar kroner då konsekvensutgreiinga låg føre.

– Det er gjort nokre nye utrekningar som kan tyde på at det vert noko dyrare. Vi veit at når vi er ferdige med vegprosjekta, så veit vi at tala kan bli noko høgare framover. Men i utgangspunktet har kvalitetssikringa gått på at hovudlinja litt i ein del av tala, seier Solberg.

Har vedteke fire av fem store strekningar

Mange har vore kritiske til at E39-avgjerda har drege lenge ut i tid. Solberg meiner det er fleire årsaker til det.

– Det har vore fleire ulike alternativ for overgangen mellom Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Det har ført til at det har teke tid å gå gjennom det, seier Solberg.

Ho peikar på at regjeringa i løpet av siste halvår har vedteke fire av dei fem store vegtraseane på ein framtidig ferjefri E39 gjennom Vestlandet.

– Det betyr at vi har teke store grep for å komme vidare på E39, seier Solberg.

– Var det ei vanskeleg avgjerd?

– Det er ei avgjerd som har stor betydning lokalt. Det er klart at der vegen går, vil det også gi økonomiske utløysingar for einskilde område. Difor er det viktig at vi tenkjer godt gjennom det langsiktige. Men vi meiner vi har gjort det rette valet, seier Solberg.

Ikkje mogleg å gjere alle nøgde

– Mange kjem til å bli skuffa over avgjerda. Kva har du å seie til dei?

– Det betyr at vi skal sjå på andre prosjekt i reguleringa av Norsk Transportplan framover. Det er mange viktige prosjekt som også har betydning lokalt, mellom anna når det gjeld tilkoplinga til E39, seier Solberg, og presiserer at valet er teke.

Ho peikar på at det i slike saker er uråd at alle partar vert nøgde med valet.

– Det er slik at når ein vel mellom ulike trasear, så er det alltid nokon som ikkje får valet sitt oppfylt, seier Solberg.

Ho kan ikkje seie noko om kor snart ein ny E39 vil sjå dagens lys.

– Det kjem an på dei prioriteringane vi gjer i Nasjonal Transportplan. Vi har eit 20 årsperspektiv på å byggje ein ferjefri E39. Vi skal rullere raskare gjennom einskilde prosjekt ved at vi har betre måtar å byggje på og andre måtar å styre prosjekta på, seier Solberg.

– I dag er det ikkje mogleg å seie når vi tek til, for det skal også inn i Nasjonal Transportplan og det skal løyvast pengar til kvar einskild strekning, seier Solberg.

Ho held fast på at målsetjinga er at ein i løpet av 20 år skal ha ein fullstendig ferjefri E39.