Hopp til innhold

Ostekaker som smeltar på tunga

Kakebordet er ikkje komplett utan ei ostekake. Den kan lagast på fleire måtar, og vi har valt ut sju ulike. Det er berre å velje!

Ostekake med pasjonsfrukt

Saft frå pasjonsfrukt sett smak på ostekaka.

Foto: Tone Rieber-Mohn

Ostekaka består som regel av ein sprø kjeksbotn med ein fløyelsmjuk ostemasse. Ostemassen kan tilsetjast ekstra smak med frukt eller bær. Og pynten er det ingen grenser for. Oppskrifta på ostekaka med pasjonsfrukt finn du litt lenger nede.

1. Med kjeks

Botnen er laga av fylte sjokoladekjeks, og knuste kjeks gir òg sjokoladesmak til ostemassen.

Fleire oppskrifter frå Lise Finckenhagen

2. Med kjeksbotn og sukkerbrød

Ostekaka har den vanlege kjeksbotnen. Men så blir det lagt vanleg sukkerbrød mellom laga av ostekrem. Og ostekremen har fått smak av friske jordbær.

Fleire oppskrifter frå Marit Hegle

3. Høg og luftig

Lagar du kaka i ei lita form får du ei høg og fin kake. Saft frå pasjonsfrukt er blanda i ostemassen og så er det pasjonsfruktsaus til pynt.

4. Ein til kvar

Ostekrem med sitron, gelé av kirsebær og den tradisjonelle botnen med digestive-kjeks. Dei små ostekakene blir serverte på ein tallerken med eit lag gelé og tynne karamellstrå.

Fleire oppskrifter frå Mette Blomsterberg

5. Steikt i omnen

Ingrid Espelid Hovigs amerikanske ostekake er laga utan gelatin, men blir steikt i omnen. Den er mektig, med mykje feit ost og seterrømme.

Fleire oppskrifter frå Ingrid Espelid Hovig

6. Utan steiking eller gelatin

Ostekremen blir stiv av sitronsaft og kjøleskapskulde. Det blir ein mjuk, tjukk krem med syrleg smak. Lise Finckenhagen har rørte bringebær på toppen.

7. Med gelé i tre lag

Eit lag gelé på toppen gir ei blank og flott overflate på kaka. Her er det lagt inn tre lag ostekrem og tre lag gelé, skikkeleg lekkert. Marit Hegle har hatt bringebær både i geleen og ostemassen.