Amerikansk ostekake

Oppskrifta på amerikansk ostekake sto i «God mat», Ingrid Espelid Hovig si spalte i Programbladet.

Foto: Sverre Bergli / NRK

Amerikansk ostekake

Ostekake passar godt som dessert, men det er ingen ting i vegen for å servere kaka til ein kopp kaffi heller. Snarare tvert om, for dette er mektige saker, med mykje feit ost og seterrømme. Det blir ikkje så store kakestykke ein greier, så denne porsjonen skulle rekke til ganske mange.

Slik gjør du

Finknus havrekjeksa med kjevle, eller i hurtigmiksar eller food processor. Bland med smelta smør/margarin og sukker. Trykk blandinga fast ned i ei smurd rund form, 22 cm i diameter.

Rør osten mjuk og kremaktig. Visp i mjølk, sukker, egg, vaniljesukker, seterrømme, rive sitronskal og pressa sitronsaft. Aus blandinga forsiktig opp i forma, så kjeksbotnen ikkje skal løyse seg opp.

Steik kaka på nedste rille i omnen ca. 1 time ved 160 °C. Kaka må vere stivna heilt igjennom. Ver merksam på at dersom vi stikk i kaka med kakepinne, kan det bli ei lita sprekke i den glatte overflata.

Avkjøl kaka i forma før du tar ringen av.

La kaka gjerne stå natta over i kjøleskapet før servering. Friske bær eller hermetisk frukt smakar godt til.

Tips

Oppdatering: Crème Chateau er ein ost som ikkje er i sal lengre. I staden kan du bruke Kremost naturell.

Se også: Fleire oppskrifter frå Ingrid Espelid Hovig

Kilde: Ingrid Espelid Hovig i God mat, Programbladet