Då vinnaren av arkitektkonkurransen av nytt Nasjonalmuseum blei kåra i 2010, var det tyske Kleihues + Schuwerk som stod att som vinnarar med bidraget «Forum Artis». Kronen på verket var den lysande alabasthallen på toppen, som skulle lyse opp byen.
Hallen kunne av ulike grunnar ikkje byggast i alabaststein, og arkitektane utarbeidde difor eit alternativ med keramisk glas, som skulle gi noko av den same effekten.
Det blei bygd ein modell av hallen i full skala i Tyskland for å teste ut ulike eigenskapar ved glaset. Men dei rekna aldri ut om glaset tolte dei høge temperaturane som danna seg mellom dei 13 laga med glas, vedgår prosjektdirektør Steinar Støre i Statsbygg.
– Rapportane vi har fått i ettertid, viser at vi kunne ha rekna ut dette på førehand. I dag ser vi at vi burde ha gjort desse utrekningane.
Kunsthallen på taket av det nye nasjonalmuseet, blir ein av dei største visningshallane for kunst i Europa. 6000 LED-lys inne i hallen skal lyssette veggane slik at hallen lyser opp byen utanfor.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB ScanpixTolte ikkje varmen
Sommaren 2017 sprakk glaset på grunn av høg varme. Difor testar Statsbygg no ut alternative materiale eitt år før hallen skal stå ferdig. Hadde dei gjort dei naudsynte utrekningane, kunne dei ha visst dette allereie i 2015.
– Vi seier oss leie for at vi ikkje fekk avdekt dette tidlegare, men er samtidig glade for at vi fekk bygd prototypen og testa ut dette før det blei eit stort problem, seier Støre.
Veggane på kunsthallen på taket til det nye nasjonalmuseet består av tretten lag av glas. Det er kva materiale det ytste laget skal vere laga av Statsbygg og arkitekten ikkje er samde om. I dag er det plast der glaset skal kome.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB ScanpixMen sjølv om dei har tapt tid, meiner han dei framleis skal kome i mål innan tidsplanen.
– Utstillingshallen står ferdig om lag eitt år etter planlagt. Men vi har endra rekkefølga på det som blir bygd, slik at vi blir ferdig til planlagd tid.
- Les:
- Les:
Gir ikkje opp
Arkitekt Klaus Schuwerk mislikar at Statsbygg ønsker å skrote det keramiske glaset på toppen av det nye nasjonalmuseet.
Foto: Berit Roald / NTB scanpixMen arkitekt Klaus Schuwerk likar dårleg at Statsbygg vil skrote det keramiske glaset i utstillingshallen. Han meiner heile inntrykket blir endra dersom det dette glaset blir bytta ut med vanleg glas.
– Dersom du ser på kva kvalitetar dei ulike materiala har, seier det seg sjølv kva vi må velje. Du kan ikkje setje opp ei glasboks på toppen som om det er eit kjøpesenter du bygger. Det er trass alt eit nasjonalmuseum vi snakkar om her.
- Les:
Schuwerk meiner glaset sprakk fordi mellomrommet mellom glaslaga var for stort. Ved å justere dette mellomrommet, meiner han at dei framleis skal kunne bruke løysinga han ønsker seg.
– Vi skal i møte med Statsbygg dei neste dagane. Der vil vi drøfte desse tinga. Vi må halde oss til prosjektet vi har lova å gi det norske folk. Og ikkje redusere det til ei glasboks i siste liten.
- Les: