Hopp til innhold

Tom Cruise skaper sinne i Polen

Noregsaktuelle Tom Cruise vil sprenge delar av ei over 100 år gammal bru i Polen i den nye «Mission Impossible»-filmen. Det får lokale krefter til å rase.

mission impossible

Dei seks første filmane i «Mission Impossible»-serien har spelt inn nesten 3,6 milliardar dollar på verdsbasis, ifølge Forbes. Her køyrer Tom Cruise motorsykkel i den førre filmen i serien.

Foto: Chiabella James / AP

Innspelinga av den sjuande filmen i «Mission Impossible»-serien blei sett på vent tidlegare i år på grunn av koronapandemien. Men no er dei i gang igjen, og akkurat no er innspelinga i gang i Polen.

Der har dei blant anna søkt om å få sprenge ei over 100 år gammal bru i Pilchowice i lufta i ei actionscene.

Det har sett sinna i kok hos dei lokale, som ser på brua som eit nasjonalt monument, skriv Independent. Brua går over ein innsjø i den polske landsbyen, og blei stengt for alminneleg ferdsel i 2016.

Ifølge den britiske avisa skulle brusprenginga opphavleg vore filma i Sveits. Men sveitsiske styresmakter sette ned foten.

– Ingen kulturell verdi

Men polske styresmakter vil ikkje hindre Cruise i å gjennomføre sprenginga i Polen. Viseminister for kultur og nasjonal kulturarv, Pawel Lewandowski, seier til Wirualna Polska at ikkje alle gamle ting er monument.

– Brua er øydelagt og har ingen kulturell eller vitskapleg verdi. Og det er berre ein liten del av brua som blir øydelagt under filminga, seier han.

Han seier også at amerikanarane som ein del av avtalen har sagt at dei vil reparere det dei har øydelagt under sprenginga.

Lewandowski meiner også at opptaka vil kunne vere med å marknadsføre Polen som land. Han hevdar blant anna at hovudscenen i filmtraileren kjem til å vere frå den polske brua.

Snart klare for Noreg

I den førre filmen i «Mission Impossible»-serien klatra Tom Cruise opp Preikestolen i Rogaland.

Og både filmselskapet og stjerna sjølv ser ut til å likt det norske landskapet godt, for i slutten av august er dei tilbake i Noreg for å filme scener til den nye filmen.

Då skal dei filme i Møre og Romsdal, og fleire aviser har spekulert i at dei blant anna skal gjere opptak på Raumabanen.

Kyllingbru

Kylling bru på Raumabanen er ei av dei mest kjende jernbanebruene i Noreg, og blei opna i 1923. Cruise får neppe løyve til å sprenge denne brua når han skal gjere opptak til sin nye film i Møre og Romsdal i august.

Foto: Halvard Hatlen/Wikimedia Commons (CC BY 2.5)

Det er ikkje kjent om det skal gjerast sprengingsarbeid i Noreg, Raumabanen går gjennom eit fjellandskap med blant anna fjella Mannen og Trollveggen. Men om Cruise hadde planar om å få Veslemannen til å rase, er han for seint ute.

Etter fem år med venting raste store delar av fjellpartiet i september i fjor.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.