Hopp til innhold

Får Hollywood til Noreg: – Opp til regjeringa om vi får meir av dette

Produsent Per Henry Borch meiner interessa er enorm for å filme i Noreg, men støtteordninga er for dårleg. Tar regjeringa grep, kan internasjonal film bli ein del av den nye oljen, seier han.

Den ekte Scarlett Johansson på Sæbø

MARVEL: Scarlett Johansson i rolle ved nærbutikken på Sæbø. Den siste Marvel-filmen «Avengers Endgame» er på veg til å bli den største kinosuksessen nokonsinne.

Foto: Arne Flatin / NRK

Dei siste dagane har innspelinga av den nye Marvel-filmen «Black Widow» sett fjordbygda Sæbø på Sunnmøre på hovudet, før dei drog vidare til Åndalsnes. Mange har fått med seg bilda av hovudrolleinnehavaren Scarlett Johansson på den lokale butikken.

Rykta har florert om «James Bond» kjem tilbake til landet etter å ha vore i Nittedal for to månader sidan. Helikopterselskapet som også jobba med «Black Widow», har fått opplyst at det er Bond som skal bli spelt inn på Atlanterhavsvegen på Nordmøre frå onsdag.

Det er verdt å merke seg at den 25. Bond-filmen får dekt 47 millionar kroner gjennom filminsentivordninga. «Black Widow» står ikkje på lista.

Daniel Craig og Atlanterhavsvegen

ATLANTERHAVSVEGEN: Her kan det bli innspeling av den 25. «James Bond»-filmen frå onsdag.

Foto: Jonathan Olley / Arna Amundsen / Montasje

Får 200 forslag frå Hollywood i veka

Linjeprodusent Per Henry Borch er mannen som får desse store produksjonane til Noreg. Han meiner insentivordninga som blei innført i 2016, har fått alle dei store filmselskapa til å få auga opp for den norske naturen.

Ordninga gir storproduksjonar høve til å få dekt inntil 25 prosent av utgiftane i Noreg.

– Noreg er eit fantastisk land når det kjem til infrastruktur. Det er veldig mange som vil kome hit, fortel Borch.

Han påpeiker at det er lett å kome seg rundt i landet, godt med overnattingsstader, internett og stor variasjon i natur.

Per-Henry Borch

SEL NOREG: Per Henry Borch har blant anna fått «James Bond», «Mission Impossible» og «Snømannen» til Noreg.

Foto: NRK/Alf-Jørgen H Tyssing

Selskapet hans, Truenorth, får tilsendt 200 prosjekt frå agentane i Los Angeles kvar veke. Dei ser at om lag ti prosent av dei kunne hatt potensiale i Noreg, men fordi intensivordninga ikkje er fleksibel nok, så vel dei fleste oss bort.

– Det er frustrerande når vi veit at med insentivordninga så tener staten dobbelt så mykje i skattar og avgifter som dei gir i refusjon. Du treng ikkje vere sunnmøring for å skjøne at dette er god butikk, seier Borch.

Problemet er at pengane berre blir tildelt éin gong i året, med ein fast pott. Om det kjem ein produksjon som oppfyller kriteria, bør pengane kome, meiner produsenten.

Du treng ikkje vere sunnmøring for å skjøne at dette er god butikk.

Per-Henry Borch

Han meiner også at film kan gje ei betydeleg auke i turismen. Då har det ikkje nødvendigvis noko å seie om ein kjenner att Noreg i filmen.

– Folk kjem framleis til Finse fordi Star Wars var spelt inn der i 1979, seier Borch.

Darth Vader på Finse

FINSE: Darth Wader dukka opp på «Star Wars»-fest på Hardangervidda i 2017.

Foto: Tobias Frøystad

Får 350.000 turistar frå Game of Thrones

Game of Thrones er verdas største TV-serie. Gjennom åtte sesongar har serien lagt igjen nesten 3 milliardar kroner i Nord-Irland, ifølge BBC. Reiselivet i landet opplever at rundt 350.000 turistar kjem kvart år på grunn av serien.

Irland refunderer opp mot ein milliard i året til film og dramaproduksjonar. Blant anna Vikings-serien blir spelt inn der. Dei vurderte Noreg, men fekk ikkje refusjon herfrå.

I 2019 blei det tildelt 75 millionar til refusjon i Noreg.

Hivju Game of Thrones

GULLGRUVE: «Game of Thrones» har blitt verdifull for turistnæringa i Nord-Irland. Kristoffer Hivju blei verdskjent som Tormund Giantsbane.

Foto: HBO Nordic

Starten på eit industrieventyr

Sigmund Elias Holm

ETTERLYSER GREP: Filmkommisjonær Sigmund Elias Holm vil at regjeringa skal endre insentivordninga for film. Han meiner vi går glipp av moglegheitene til å skape ein industri.

Foto: Western Norway Film Commission

Filmkommisjonen marknadsfører Noreg som innspelingsstad, og har jobba i mange år med å gjere rammevilkåra meir konkurransedyktige. Sigmund Elias Holm i Western Norway Film Commission etterlyser grep frå regjeringa.

– Bransjen viser at han kan levere på aller, aller høgste nivå. No begynner jobben med å sikre at dette ikkje blir eit blaff, men starten på eit lite industrieventyr, seier Holm.

Han meiner at regjeringa må vise at dei leverer på regjeringsplattforma.

– Vi treng meir rettferdige rammevilkår og ei føreseieleg insentivordning. Då kan folk investere i karrierar, og selskapa i teknologi og infrastruktur, seier Holm.

Vurderer å utvide ordninga

Jan-Christian Kolstø i Venstre

VURDERER Å UTVIDE: Statssekretær Jan-Christian Kolstø, seier at Kulturdepartementet har sett i gang ein gjennomgang av insentivordninga.

Foto: Mona Lindseth / Mona Lindseth

Statssekretær i Kulturdepartemenetet, Jan-Christian Kolstø, synest det er gledeleg at det er stor interesse for insentivordninga.

– Regjeringa har varsla at ho vil vurdere å utvide ordninga. Kulturdepartementet har sett i gang ein gjennomgang av tilskotsordningane på filmområdet for å vurdere om dei er tilpassa endringar i marknaden, og for å sikre at verkemidla oppfyller dei filmpolitiske måla, seier Kolstø.