Hopp til innhold

Tom Cruise må utsette filming på Preikestolen etter stuntskade

Skodespelaren skulle hoppe mellom to bygningar, da han small inn i veggen og knekte ankelen under ei filminnspeling. Nå må filminga på Preikestolen bli utsett.

VART SKADD: Her blir Tom Cruise skadd idet han utfører eit mislukka stunt. Filmen viser at skodespelaren tydeleg har smerter.

Det var under innspelinga av ei lang løpescene i filmen «Mission: Impossible 6» at Tom Cruise skadde ankelen sin. Settet skulle etter planen koma til Preikestolen i september, men nå blir filminga i Noreg utsett.

– Scenene frå Preikestolen skal med i filmen, der er det inga forandring. Men når det blir, er det for tidleg å seia noko om nå, opplyser dagleg leiar Audun Rake i Stiftelsen Preikestolen til Stavanger Aftenblad.

Preikestolen og Lysefjorden

PREIKESTOLEN: Preikestolen i Lysefjorden er eit populært turistmål. Under innspelinga vil platået vera stengt for turistar.

Foto: Paul Kleiven, Paul Kleiven / NTB scanpix

Vågal skodespelar

Tom Cruise knekte ankelen da han skulle hoppe mellom to bygningar med hjelp av tryggingsstroppar. Videoen ovanfor viser den uheldige landinga der han krasja inn i veggen på bygninga. Cruise greidde å dra seg sjølv opp på taket, men halta rundt ei stund før han kollapsa.

Det er ikkje fyrste gong at Tom Cruise gjer vågale stunt under filminnspelingar. Skodespelaren insisterer nemleg på å utføre dei fleste scenene sjølv, skriv Guardian.

I 2011 klatra han oppover verdas høgaste bygning, Burj Khalifa i Dubai, for ei scene i «Mission Impossible – Ghost Protocol». Fire år seinare, under innspelinga av «Mission: Impossible – Rogue Nation», vart han festa på utsida av ein Airbus 400 idet det skulle ta av.

Tom Cruise

I SVEVET: Tom Cruise svevar i lufta rett før han krasjar inn i ei bygning. Bildet er eit skjermskot frå Guardian sin video som ligg på Youtube.

Foto: Guardian

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.