NRK Meny
Normal

Ingen fare for at Preikestolen blir oppbrukt

Preikestolen skal brukast som kulisse i ein reklamefilm for VM i tømmerhogging på Lillehammer. – Men det er ingen fare for at reiselivsikonet blir oppbrukt, meiner reiselivsforskar.

Stihl Timbersports World Championships - Stuttgart

Preikestolen skal promotere VM i tømmerhogst.

Foto: Andreas Langreiter

VM i Timbersport, eller tømmerhogging på godt norsk, skal arrangerast på Lillehammer i november månad. Arrangementet har tradisjon for å bruke eit internasjonalt kjent reisemål i arrangørlandet, som bakgrunn for reklamefilm- og foto om verdsmeisterskapen.

Dette året vil dei gjerne bruke Preikestolen og gjera unna fotograferinga i tida mellom 12. og 14. september.

Hendelser på Preikestolen

Preikestolen har blitt brukt til å reklamera for litt av kvart opp gjennom åra.

Foto: Alle foto/montasje: NRK

– Dei får løyve til å bruka ein liten del av sjølve Preikestolen til dette, og dei får også lov til å bruke eit helikopter til å frakte opp tømmerstokkar og utstyr, seier saksbehandlar i Forsand kommune, Rune Idsøe.

Gir god reklameverdi

Det er Forsand kommune som tar stilling til spørsmål om bruk av reiselivsmålet og om det skal gjevast dispensasjon frå motorferdselsforbodet.

– Det er ein vurdering av marknadsføringsverdien, som ligg bak at me har sagt ja, seier Idsøe.

Magnus Carlsen på Preikestolen

Magnus Carlsen har spelt sjakk på Preikestolen i samband med Norway Chess-turneringa.

Foto: Kirsti Wilhelmsen / NRK

Han meiner at bilde og video frå VM i tømmerhogging på Preikestolen kan bli publisert for millionar av sjåarar i mange forskjellige land. Derfor har Forsand sagt ja, opplyser Idsøe.

– Du fryktar ikkje at det går inflasjon i bruk av Preikestolen til reklameformål?

– Nei, me vurderer kvar enkelt søknad og vel dei som har størst marknadsføringssverdi, seier Idsøe.

Kollywood innspeling Preikestolen

Ein av scenane i ein Bollywood-film blei spelt inn på platået Preikestolen.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Preikestolen toler mykje

Rett etter tømmerhoggar-stuntet blir Preikestolen stengt for vanleg besøk i ni dagar, frå 20.-29. september, under innspelinga av sluttscena til den nye Mission Impossible-filmen med Tom Cruise i hovudrolla.

Tidlegare har platået blitt brukt til reklame for ein BMW-bil, for rockebandet Kaizers Orchestra, for sandvolleyball-turneringa i Stavanger og for Stavanger Symfoniorkester, for å nemne nokre ting.

Slik får turistene besøke Preikestolen - mens Mission Impossible-innspillen pågår

– Men det er ingen fare for at Preikestolen som reisemål blir utbrukt, seier reiselivsforskar ved Universitetet i Stavanger, Åsa Helen Grahn.

Portrettbilde av Åsa Helen Grahn, reiselivsforskar ved UiS

Det er rett å bruke Preikestolen i reklamesamanheng, for å få fleire turistar til Stavanger-regionen, seier reiselivsforskar Åsa Helen Grahn ved UiS.

Ho meiner at all PR som kan dra fleire turistar til Norge og til Rogaland er av det gode.

– Her har regionen gjort eit bevisst val. Dei har vore med på å skape reiselivsikonet Preikestolen og dei har vore med på å ofra det til masseturismen, seier Grahn.

Det ho er opptatt av er at regionen også klarer å spreie turisttrafikken, slik at også andre delar av regionen får besøk av turistane.

Styrkeløft på Preikestolen

Styrkeløftsporten har også tatt turen til Preikestolen.

Foto: Arild Eskeland / NRK