Hopp til innhold

Spelar konsert i Manchester på fredag

Musikar Sondre Lerche spelar på musikkfestival i Manchester fredag. – Trist at ikkje ein gong musikken slepp unna galskapen i verda, seier han.

Sondre Lerche spilte under prisutdelingen og feiringen av 30 års-jubileumet til Raftoprisen.

SPELAR I MANCHESTER: Sondre Lerche skal spele konsert i Manchester på fredag. Her er han avbilda frå 30-årsjubileet til Raftoprisen.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

– Festivalen vil sjølvsagt bere preg av tragedien som skjedde på måndag, seier Sondre Lerche til NRK.

Berre fire dagar etter at terroren råka Manchester går Lerche på scena i Manchester. Musikaren er éin av omkring 100 artistar som skal spele på festivalen Dot to Dot i den engelske byen.

Måndag kveld vart minst 22 menneske drepne og 59 skadd då ein mann detonerte ei bombe ved Manchester Arena. Angrepet skjedde då publikum strøymde ut av lokalet etter ein konsert med popstjerna Ariana Grande. Fleire av ofra var barn.

Fleire avlyste konsertar

Ifølgje BBC er fleire konsertar avlyste som følgje av angrepet i Manchester.

Ariana Grande skulle eigentleg spelt i London torsdag og fredag denne veka, men har avlyst resten av turneen. Gruppa Take That skriv på Twitter at også dei avlyser konsertane sine av respekt for ofra i Manchester.

Lerche seier at det er festivalarrangørane som avgjorde om festivalen Dot to Dot skulle gå av stabelen som planlagt.

– Dei kjenner byen best. Om dei meiner at stemninga er slik at festivalen skal gjennomførast som planlagt, så er det vår jobb som musikarar å gå på scena for å spele, seier Lerche.

Han fortel at angrepa på konsertlokala i Manchester og i Paris i 2015 har påverka korleis det er å vere musikar.

– No speler eg på så intime stader at dei truleg ikkje er noko terrormål. Men desse hendingane har påverka kva for scenario fantasien tillèt deg å tenkje før du går på scena. Eller når du gjer deg kjend med eit rom der du skal spele seinare på kvelden. Dessverre er tankane for kva som kan skje i eit festleg lokale blitt utvida. Uskulda er borte, seier Lerche.

Vil gje folk eit pusterom

Lerche fortel at han vil minnast tragedien frå scena på fredag. Samstundes vil han også gjerne tilby publikum eit pusterom.

– Det hadde vore unaturleg å ikkje markere det som skjedde, men eg vil også gjere det mogeleg for dei som kjem på konserten min å sleppe litt unna. Om konsertar ikkje er ei flukt frå verkelegheita, så ønskjer ein som musikar å ta publikum med inn i ei verd som berre eksisterer der og då, seier Lerche.

Han trur det kjem til å bli spesielt for alle som står på scenene i Manchester i tida framover.

– Eg trur både musikarar og fans blir foreina i sånne tragediar. Det er frykteleg trist at ikkje ein gong musikken blir freda frå all galskapen der ute.

Kulturstrøm

  • Norsk politi er på plass i Malmö – kjem frå Oslo Politidistrikt

    Eurovision-veka i Malmö er i gang, og norsk politi er på plass.

    Politidirektoratet vil ikkje seie kor mange frå norsk politi som skal hjelpe svensk politi.

    – Vi går ikkje ut med det eksakte talet på personar som skal delta, men kan stadfeste at personellet kjem frå Oslo Politidistrikt som har god kompetanse på denne typen oppdrag, skriv seksjonssjef Torgeir Haugen i ein e-post til NRK.

    I Sverige er arrangementet sett på som ein «nationell särskild händelse», som betyr eit stort politioppbod frå heile Sverige og nabolanda.

    Det er vente store demonstrasjonar i byen denne veka.

  • Nintendo varsler ny konsoll i år

    Det japanske spillselskapet Nintendo varsler at arvtakeren til deres spillkonsoll Switch vil bli presentert innen utgangen av selskapets regnskapsår, melder nyhetsbyrået AFP.

    Nintendo Switch er selskapets mestselgende konsoll noensinne. I desember 2023 var det solgt 139 millioner eksemplarer på verdensbasis.