Hopp til innhold

Dette er Ariana Grande

Ariana Grande er ein verdas største artistar, og er for tida ute på ein verdsomspennande konsertturné. Dangerous Woman Tour er nå utsett på ubestemt tid, etter bombeåtaket i Manchester.

Ariana Grande

ARIANA GRANDE: Her opptrer den amerikanske artisten under eit NBA-arrangement i Madison Square Garden i New York 15. februar 2015.

Foto: ELSA / Afp

Den amerikanske artisten og skodespelaren Ariana Grande-Butera (23) er kjend for låtar som «Problem», «Bang Bang» og «Break Free». Ho har samarbeidd med ei rekkje andre musikarar, mellom andre Nicki Minaj, Iggy Azalea og Jessie J. Musikken hennar kan skildrast som ei blanding av pop og R&B, med innslag av sjangrar som funk og hip hop.

Avbryt turneen

Etter angrepet i Manchester har Grande lagt ut denne meldinga på Twitter: «Knust. Frå djupet av hjartet, eg er så lei meg. Eg har ikkje ord.»

Laster Twitter-innhold

Etter planen skulle Grande halde konsertar i London 25. og 26. mai, før ho skulle vidare til andre europeiske land. Desse konsertane er avlyste, og Dangerous Woman Tour er utsett på ubestemt tid. Grande besøkte Noreg den 10. mai i år med den same turneen. Konserten fann stad på Telenor Arena.

Ung artist med stor innverknad

Debutalbumet frå 2013, Yours Truly, gjekk rett inn på fyrsteplass på Billboards topp 200-liste. Seinare har Grande gjeve ut to album til, My Everything frå 2014 og Dangerous Woman frå 2016, som alle har fått stor merksemd. Grande har teke imot ei rekkje prisar og nominasjonar for musikken sin, og i 2016 hamna ho på Times si liste over dei 100 personane i verda med størst innverknad.

Det er ikkje berre på konsertscenen Ariana Grande har mange tilhengarar. Ho er òg svært populær i sosiale medium. Artisten har over 45 millionar følgjarar på Twitter, og i følgje Vanity Fair har ho den nest mest følgde Instagram-kontoen. Med 99 millionar følgjarar passerte ho nettopp Taylor Swift, men ligg framleis fleire millionar bak Selena Gomez.

Frå katolisisme til kabbala

Ariana Grande vaks opp i Boca Raton i Florida. Som barn var ho aktiv med barneteater, og allereie som 13-åring ville ho satse på ei karriere som artist. I 2008 fekk Grande ei rolle i Broadway-musikalen 13, som seinare har ført til fleire skodespelaroppdrag innan teater, film og fjernsyn.

Grande vaks opp som katolikk, men gjekk vekk frå katolisismen i opposisjon mot kyrkja sitt syn på homofili. Bakgrunnen for dette var at halvbroren hennar stod fram som homofil. Seinare har ho saman med broren vend seg mot kabbalisme, som er ein mytisk tradisjon innanfor jødedommen. Rettane til lesbiske og homofile har vore eit tema i musikken hennar, mellom anna i songar som «Break Your Heart Right Back».

Politiet har i morgentimene sperret av området rundt Manchester Arena.

AVSPERRA: Området rundt Manchester Arena, der Ariana Grande stod på scenen, vart avsperra etter bombeåtaket måndag kveld.

Foto: PAUL ELLIS / AFP

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.