Norsk filminstitutt la i januar ein god millionsum på bordet for å få den foreløpig namnlause Bond-filmen til Noreg. I slutten av mars starta innspelinga av dei første scenene til den nye filmen i Nittedal, som har hatt arbeidstittelen «Bond 25».
Torsdag heldt produsentane pressekonferanse. På den var det forventa at det skulle bli presentert ein endeleg tittel på filmen. Sånn blei det ikkje.
Det dei gjekk ut med var kva for skodespelarar som skal vere med i «Bond 25». Blant anna skal Oscar-vinnar Rami Malek spele skurken i filmen.
I tillegg skal mellom andre Dali Benssalah, Billy Magnussen, Lashana Lynch, Jeffrey Wright og David Dencik vere med i filmen.
Filmen skal spelast inn i London og på Jamaica, i tillegg til i Noreg.
Vanlegvis blir dette presentert på ein pressekonferanse i Pinewood Studios i London. Men i år droppa produsentane denne pressekonferansen til fordel for ein presentasjon frå ein av dei mest ikoniske 007-stadane, nemleg James Bond-forfattar Ian Flemmings villa på Jamaica.
Mange rykte
«Bond 25» er den 25. offisielle Bond-filmen, og skal vere Daniel Craigs siste film som agent 007. Filmserien blei innleia i 1962 med Sean Connery som James Bond i «Dr. No». Filmen blei delvis spelt innpå Jamaica.
Jubileumsfilmen skal etter planen ha verdspremiere i april 2020, skriv BBC.
Ein ny Bond-film skaper alltid mange spekulasjonar om kven som er med og kva filmen skal heite. Men produsentane held korta tett til brystet.
Men litt veit vi allereie no. For eksempel at Daniel Craig skal spele James Bond for femte gong. Og så blir Cary Joji Fukunaga den første amerikanaren som får regissere ein offisiell Bond-film.
Fukunaga har tidlegare regissert blant anna TV-seriane «True Detective» og «Maniac», og fekk oppdraget etter at Danny Boyle trekte seg etter kunstnarisk usemje med produsentane.
Malek blir skurk
I tillegg til Craig skal Ralph Fiennes og Ben Whishaw skal gjenta rollene som M og Q, og Naomie Harris også er tilbake som Moneypenny. Lea Seydoux skal også gjenta rollefiguren ho spelte i «Spectre».
- Les:
Men ingen Bond-film utan ein Bond-skurk. Enkelte håpa at Christoph Waltz skal vende tilbake som Ernst Stavro Blofeld. Ei rolle han også spelte i den førre Bond-filmen, «Spectre».
Men Rami Malek er på rollelista, og det er han som skal spele skurk. Malek fekk nyleg ein Oscar for si tolking av Freddie Mercury i filmen «Bohemian Rhapsody», og er også kjent frå TV-serien «Mr. Robot».
Malek lova under pressekonferansen å gjere livet til Bond vanskeleg.
Filmtittelen
Den nye filmen har hittil vore kjent som «Bond 25», men det kjem truleg ikkje til å bli den endelege tittelen. Det gjekk lenge rykte om at filmen skulle heite «Shatterhand», men det avviste produsent Barbara Broccoli overfor ein autografjeger, skriv Bond-nettsida MI6 HQ.
- Les:
No er det fleire nettstader som meiner tittelen på den nye filmen kan vere «Eclipse». Ein grunn til dette skal vere at ein av filmarbeidarane brukte den tittelen på nett då ho skulle skrive kva ho arbeidde med for tida.
Posten blei seinare fjerna frå nett.
Merknad: I ein tidlegare versjon av saka skreiv vi at ein fekk vite tittel på filmen under pressekonferansen. Det fekk vi ikkje.