Hopp til innhold

Håpar på Bond-effekt for reiselivet

Fleire av scenene i den nye James Bond filmen er tatt opp i Noreg. – No må reiselivet nytte sjansane, seier reiselivsekspert.

 James Bond (Daniel Craig) jakter et farlig virus i «James Bond: No Time to Die».

Den nye James Bond filmen skapte begeistring i Averøy der fleire av scenene er tatt opp.

Foto: Nicole Dove / SF Studios

Forventningane var store før den nye James Bond filmen blei vist på bygdekinoen i Averøy fredag kveld. I fleire veker har det vore James Bond feber i den vesle øykommunen.

Det er ikkje kvardagskost å få servert scener frå heimstaden i filmen om verdas mest berømte actionhelt. Kommunens største turistattraksjon Atlanterhavsvegen er nemleg med i filmen.

– Eg er skikkeleg spent. Uansett kor mykje som blir med i filmen så er dette stort for oss, sa ordførar Ingrid Rangønes.

Ordfører Ingrid Rangønes sammen med Jonny Nilsen før visningen av den nye James Bonde filmen.

Ordførar Ingrid Rangønes (til venstre) synest det er stas at Atlanterhavsvegen får internasjonal merksemd.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Positivt overraska

Og filmen skapte begeistring blant publikum. Atlanterhavsvegen er med i tre scener. Det var meir enn ordføraren hadde rekna med.

– Vi blei veldig positivt overraska. Først susa dei over Atlanterhavsvegen og då tenkte vi at kanskje det var det. Vi var jo fornøgd uansett. Men så viste dei jaggu meg to klipp til frå Atlanterhavsvegen. Det blei ei veldig god profilering.

Atlanterhavsvegen er ein svært populær turistattraksjon. Kvart år kjem tusenvis av turistar hit for å sjå dei spektakulære bruene og utsikta mot havet. No er spørsmålet om James Bond trekke enda fleire turistar.

Atlanterhavsvegen

Atlanterhavsvegen gav Averøy fastlandssamband, og har etter kvart blitt ein turistmagnet.

Foto: ENDRE M LIDAL / ENDRE M LIDAL

Aktiv marknadsføring

Odd Roar Lange driv nettstaden The Travel Inspector, og følgjer norsk reiseliv på nært hald, meiner det er opp til Averøy sjølve.

– Effekten blir akkurat så god som folk i Averøy gjer den til. Ballen ligg der no. Reiselivet må følgje opp med aktiv marknadsføring, elles blir dette fort gløymd.

Lange meiner reiselivet ikkje er gode nok til å følgje opp når verdsberømte filmar som dette blir spelt inn i Noreg. Dei har ikkje eit godt nok apparat til å utnytte dei sjansane slike filmar skaper, seier han.

Lange viser mellom anna til innspelinga av «Mission Impossible 7» med Tom Cruise som blei gjort i Rauma og i Stranda.

Odd Roar Lange, The Travel Inspector

Odd Roar Lange i The Travel Inspector meiner reiselivet kunne ha vore meir kreative i marknadsføringa.

Foto: Privat

Staten støttar slike storfilmar med fleire titals millionar kroner. Den neste «Mission Impossible» filmen får 68.7 millionar kroner frå den såkalla incentivordninga. Reiselivseksperten meiner ein bør stille nokre krav.

– Vi trur at Tom Cruise elskar Noreg. Men det er pengane han er opptatt av. Ein burde ha stilt krav om at Tom Cruise stilte opp med ein snutt på 15 sekund der han snakkar om kor flott Noreg er. Det ville ha vore gull verdt i marknadsføringa. På Atlanterhavsvegen kan ein lage fotospots med James Bond for å få skape interesse.

Håpar på god profilering

I Averøy er begeistringa stor akkurat no. Håvard Bringsli gjekk inn i rolla som den lokale dobbeltgjengaren til James Bond på Nordmøre. Det var eit stunt som fekk stor merksemd. Bringsli likte filmen han fekk sjå fredag kveld.

Folk som bur i Averøy er stolte av Atlanterhavsvegen. No håpar Håvard Bringsli at filmen vil føre til ein sterkare profilering av turistattraksjonen.

Den lokale James Bond i Averøy, Håvard Bringsli med følge før visningen av den nye James Bond filmen

Håvard Bringsli har hatt fleire oppdrag som den lokale James Bond i Averøy. Fredag kveld fekk han sjå den nye filmen.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– På onsdag var vi på Atlanterhavsvegen saman med TV 2. Då kom vi i prat med tre nederlendarar. Dei hadde reist dit får å sjå på brua fordi dei hadde høyrt den skulle vere med i James Bond filmen.