Hopp til innhold

Dette går britane glipp av

Søndag kjem siste utgåve av News of the World. Heilt sidan 1843 har avisa omtala skandalar og kjendisar. – Dette er ein gledens dag, seier tidlegare fotballproff Erik Thorstvedt.

News of The World har stått for mange avsløringer

News of the World har stått for mange avsløringar. Den falske sjeiken, Mahzer Mahmood, stod mellom anna bak det hemmelege videointervjuet med Sarah Ferguson.

Foto: Faksimile: News of The World

Søndag er det slutt, etter 168 år i rampelyset. Skandaleavisa News of the World blir lagt ned grunna alvorlege skuldingar om telefonavlytting av kjendisar, kongelege, ofre for kriminalitet og terror.

Erik Thorstvedt

Tidlegare fotballproff Erik Thorstvedt er glad for at News of the World legg ned.

Foto: Torunn Westvik Tørneng / NRK

Les: News of the World legges ned

– Eg syns dette er ein gledens dag, men eg er sjokkert og overraska over at avisa legg ned, den er ein institusjon. Det er vel eigentleg eit genialt grep, dei kjempa ei tapt sak, seier tidlegare fotballproff i England, Erik Thorstvedt, til NRK.

Han fortel at journalistane var frykta blant fotballspelarar og andre kjendisar i Storbritannia.

– Det å avsløre utruskap var hovudkjelda, men dei gjekk lenger og sette opp feller dei brukte fleire millionar på, berre for å få lurt folk til å seie noko på hemmeleg kamera, seier han.

– Heile konseptet til News of the World var basert på sport, sensasjon og sex.

Det seier Per Edgar Kokkvold, generalsekretær i Presseforbundet og Storbritannia-kjennar, til NRK.no. Han kjem ikkje til å sakna den skandalebefengte avisa.

– Avisa skulle representera «vanlege folk» sin kamp for å stilla eliten til ansvar. Men dei har feila, det har sjølv Rupert Murdoch vedgått, seier Kokkvold.

Les alt om skandalen:

«Nazi-orgie» på forsida

News of the World

News of the World har stått for avsløringar heilt sidan 1843. No er det slutt for avisa. Mange trur det er grunna at Murdoch vil sikre TV-oppkjøp.

Foto: Arkiv: News of the World

Heilt sidan 1840-talet, då avisa kosta tre pence, har den sett sex, skandalar og kjendisar på dagsordenen. Innan 1912 hadde avisa eit opplag på to millionar, og det var dobla innan starten av den andre verdskrigen.

I etterkrigstida vaks opplaget til 8,5 millionar. Avisa har fleire gongar vore tatt for retten og klaga inn til presseforbundet i Storbritannia, utan at det har minka med lesarar.

– Den forsida eg hugsa best, handla om tidlegare Formel 1-sjef Max Mosley. News of the World hadde brukt ein «honningfelle» med fem prostituerte. Forsida presenterte det som at Mosley hadde vore med på ei sadomasochistisk nazi-orgie.

Les: Tapte sak etter naziorgie-oppslag

Journalist Tore Moland mimrar tilbake til gamle News of the World-forsider. Han har budd to år i London som NRK-korrespondent.

– Det mange gløymer, er at News of the World er ei avis med svært lang, om ikkje så ærerik historie. Avisa vart laga for å nå fattige arbeidarar, mange av dei analfabetar. Det skulle vera ei billigare og enklare avis enn dei andre, seier Moland til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Rebekah Brooks

Rebekah Brooks er i hardt veir, etter at det vart avslørt av News of the World avlytta pårørande etter krimofre medan ho var redaktør.

Foto: STEFAN WERMUTH / Reuters

Skapa lynsje-stemning

News of the World har fått mykje merksemd for å ha brukt telefonhacking som arbeidsmetode. Reporter i avisa, Mazher Mahmood, er kjend for å kle seg ut som sjeik og har stått bak fleire av dei frekkaste avsløringane.

– Mannen med kallenamn «Den falske sjeiken» klara å lura mange. Han fekk til dømes Sarah Ferguson til å lova han intervju med prins Andrew mot betaling. Slik kunne avisa laga oppslag om at kongehuset var til sals, seier Moland.

News of the World er også kjend for sine store kampanjar. Ein av dei retta seg mot pedofile.

– Det førte til lynsjestemning og mobbjustis. Fleire vart forveksla, og slik vart uskuldige angripne.

Erik Thorstvedt meiner avisa no har gått så langt at det var umogleg for dei å kome seg bort frå det.

– Når dei gjekk så langt at dei byrja å avlytte foreldre til drepne jenter og soldatar i Afghanistan, så har dei gått for langt. Då snur det frå å vere ei kjendisgreie til noko som er så langt nede på humanskalaen at dei ikkje kan kome seg bort frå det, seier han.

Les: – Avlyttet telefonen til pårørende etter London-bombingen

(Artikkelen held fram under biletet)

David Cameron på pressekonferansen om News of the World

David Cameron heldt pressekonferanse om mediaskandalen i dag. No blir det offentleg gransking av News of the World.

Foto: EVN

Kynisk kalkulering

På 1970-talet overtok mediemogulen Rupert Murdoch avisa. Det var sonen James Murdoch som i går annonserte at avisa ville legga ned.

– Dei ofra dei tilsette og 148 år med avishistorie for å sikra kontrollen med BSkyB, seier Kokkvold.

News Corporation har planar om å kjøpa BSkyB, det største kommersielle TV-selskapet i Storbritania. Opposisjonsleiar Ed Miliband krevde i spørjetimen på onsdag at statsminister David Cameron burde forsinke oppkjøpet.

Les: Cameron ville ikkje be Brooks gå

Tore Moland viser til at Rupert Murdoch tener relativt lite på avisene sine.

– Dei store pengane ligg i kommersiell TV, det er der han vil satsa framover, seier Moland.

Kulturstrøm

  • Sangtekster har blitt enklere, mer repeterende, aggressive og selvopptatte

    Et team av europeiske forskere har analyserte ordene i mer enn 12.000 engelskspråklige sanger, på tvers av sjangrene rap, country, pop, R&B og rock fra 1980 til 2020.

    Ifølge studien, som ble publiser torsdag, har sangtekster blitt enklere og mer repeterende. Tekstene har også blitt mer aggressive og selvopptatte i løpet av de siste 40 årene, skriver The Guardian.

    En av forskerne bak studien, Eva Zangerle, understreker at sangtekster kan være et «speil av samfunnet», som gjenspeiler hvordan en kulturs verdier, følelser og opptatthet endrer seg over tid. Studien trakk ikke frem hvilke artister funnene gjaldt.

    Sangtekster
    Foto: AP
  • Harvard fjerner bokomslag laget av menneskehud

    Prestisjeuniversitetet Harvard sier de har fjernet menneskehud fra innbindingen av en bok de har hatt i ett av bibliotekene sine i over 90 år.

    I 2014 ble det oppdaget at en bok var bundet inn med huden til en død kvinne.

    Harvard, som regnes som det eldste universitetet i USA, har tidligere utnyttet interessen rundt bokens morbide historie. Da det ble oppdaget at det var brukt menneskehud i innbindingen ble det omtalt som «gode nyheter for både tilhengere av innbinding med menneskehud, bokfantaster og kannibaler». I et blogginnlegg samme år skrev Harvard at praksisen med å binde bøker i menneskehud tidligere hadde vært forholdsvis vanlig.

    (NTB)