Hopp til innhold

Annonsørane flyktar etter avlyttingsskandale

Fleire selskap kuttar banda til News of the World, som skal ha avlytta familiar til avdøde soldatar. – Dette er ikkje slutten for avisa, meiner britisk professor.

BRITAIN-AFGHANISTAN/ A mourner weeps as the coffins carrying the bodies of two British soldiers are repatriated through Wootton Bassett

Sørgande i begravelsen til to falne britiske soldatar. Begge vart drepne i Helman-provinsen i Afghanistan 17. juni i år. No kjem skuldingar om at ei tabloidavis har telefonavlytta etterlatne etter falne soldatar.

Foto: KIERAN DOHERTY / Reuters

Den britiske avisa the Daily Telegraph hevdar at News of the World har avlytta familiar til falne britiske soldatar i Irak og Afghanistan.

Les artikkelen i the Daily Telegraph her.

Dermed veks avlyttingsskandalen i omfang. No seier fleire selskap at dei vil kutta banda til tabloidavisa. The Royal British Legion, ein veldedig veteranorganisasjon, seier til CNN at dei er sjokkerte, og at dei ikkje vil samarbeida med avisa.

Ford var først ute med å trekka seg frå samarbeidet med News of the World.

No følgjer fleire selskap etter. Mitsibushi, banken Halifax og turoperatøren Virgin Holidays er nokre av selskapa som har avbestilt planlagde annonsar.

«Folk elskar tabloidene»

Chris Frost

Chris Frost, professor i journalistikk, trur ikkje skandalen vil øydelegga framtida til News of the World.

Foto: Association for Journalism Education

– Dette er ikkje øydeleggande for News of the World, dei får størstedelen av inntektene sine i frå laussal, seier Chris Frost, britisk professor i journalistikk ved John Moore University, til nrk.no.

Han seier at britane elsker tabloidavisene sine, sjølv om nokre lesarar seier dei vil boikotta News of the World i nokre veker.

– Så får me sjå om dei vender tilbake til News of the World etter ei stund, eller om dei finn andre tabloidaviser dei likar like godt, seier Frost.

Sniklytta på telefonsvararen

Private opplysningar om familiemedlemmer til avdøde soldatar er blitt funne i notatbøkene til Glenn Mulcaire, ein privatdektektiv som har arbeidd for News of The World.

Mulcaire skal også ha vore involvert i saka rundt avlyttinga av etterlatne etter terrorangrepa mot London 7. juli 2005. Han skal ha sniklytta til telefonsvararen til pårørande etter sjølvmordsbombene.

Mulcaire har tidlegare sona fengselsstraff for telefonavlyttinga av personar knytt til den britiske kongefamilien.

LES MEIR: – Avlyttet telefonen til pårørende etter London-bombingen

«Avskyelege angrep»

Ifølgje avisa the Independent skal politiet ha sikra seg det personlege arkivet til Glenn Mulcaire. Dette arkivet er på over ni tusen sider. Kjelder i militæret krev no at namna i desse dokumenta skal bli frigjevne.

«Dette er avskyelege angrep på privatlivet», seier kjelder innad i det britiske militæret til the Daily Telegraph.

Tidlegare har News of the World publisert fleire patriotiske artiklar med støtte til dei britiske soldatane i Irak og Afghanistan. "We support our boys" - "me støttar gutane våre" har den Rupert Murdoch-eigde mediegruppa tidlegare uttalt.

Forsvarsdepartementet har bede Scotland Yard om å undersøka skuldingane.

Milly Dowler

Milly Dowler var 13 å då ho forsvann i 2002. News of the World er no under politietterforsking for å ha hacka seg inn på mobilsvararen hennar og sletta meldingar. Ho vart seinare funne drepen.

Foto: Ap

«Fleire svin på skogen»

Chris Frost fortel at britane opplever saka som eit stort svik mot soldatane som har tenestegjort i farlege strøk. Han meiner at saka ikkje berre vil ramma journalistar i News of the World.

– Mange ettelyser ei offentleg høyring om media sine arbeidsmetodar. Ei slik høyring vil avsløra at det er mange journalistar som har svin på skogen, seier Frost til nrk.no.

Han viser til rapporten «What price privacy» frå 2006.

– Den viser at over 600 journalistar frå ulike aviser dreiv med ulovleg handel av personopplysningar, seier Frost.

LES RAPPORTEN HER

Elle MacPherson

Den australske modellen Elle MacPherson er ein av dei som News of the World skal ha avlytta.

Foto: Leon Neal / Scanpix/AFP

Gav falskt håp

Avlyttingsskandalen har utvikla seg over lang tid.

Tidlegare har det kome fram at den tabloide søndagsavisa har brukt private etterforskarar til å avlytta telefonsvararane til fotballspelarar, kongelege, politikarar og skodespelarar.

Denne veka kom skuldingane om at avisa har avlytta pårørande etter London-bombene, i tillegg til telefonsvararen til ei tretten år gamal jente som vart meld sakna i 2002.

Avisa skal ha sletta meldingar på telefonsvararen til jenta, og slik gjeve håp til familien om at ho var i live. Ho vart seinare funne drepen.

The Guardian har laga ei liste namn på folk som er kjende eller potensielle ofre for telefonhackinga. Hugh Grant, Elle MacPherson, Ryan Giggs og prins William er nokre av namna på lista.

LES HEILE LISTA HER.

Murdoch i hardt ver

News of the World er eigd av mediemogulen Rupert Murdoch, gjennom selskapet News Corporation. Aksjane i eigarselskapet fall torsdag morgon med meir enn tre prosent på den australske børsen, melder nyheitsbyrået AFP.

Den britiske statsministeren David Cameron har støtta kravet om ei offentleg høyring i saka, men meiner politiet først må få gjera sine undersøkingar.

Cameron vil heller ikkje be tidlegare redaktør Rebekah Brooks gå av.

Brooks var redaktør i News of the World mellom 2000 og 2003, i dag leier ho News International, som ligg under Murdoch sitt News Corporation.

Opposisjonspolitikar Ed Miliband krev at Rebekah Brooks må gå, og får støtte av den britiske skodespelaren Hugh Grant.

Her er dei sentrale aktørane i News of the World-skandalen:

(Kjelde: New York Times og Wikipedia)

Kulturstrøm

  • Sangtekster har blitt enklere, mer repeterende, aggressive og selvopptatte

    Et team av europeiske forskere har analyserte ordene i mer enn 12.000 engelskspråklige sanger, på tvers av sjangrene rap, country, pop, R&B og rock fra 1980 til 2020.

    Ifølge studien, som ble publiser torsdag, har sangtekster blitt enklere og mer repeterende. Tekstene har også blitt mer aggressive og selvopptatte i løpet av de siste 40 årene, skriver The Guardian.

    En av forskerne bak studien, Eva Zangerle, understreker at sangtekster kan være et «speil av samfunnet», som gjenspeiler hvordan en kulturs verdier, følelser og opptatthet endrer seg over tid. Studien trakk ikke frem hvilke artister funnene gjaldt.

    Sangtekster
    Foto: AP
  • Harvard fjerner bokomslag laget av menneskehud

    Prestisjeuniversitetet Harvard sier de har fjernet menneskehud fra innbindingen av en bok de har hatt i ett av bibliotekene sine i over 90 år.

    I 2014 ble det oppdaget at en bok var bundet inn med huden til en død kvinne.

    Harvard, som regnes som det eldste universitetet i USA, har tidligere utnyttet interessen rundt bokens morbide historie. Da det ble oppdaget at det var brukt menneskehud i innbindingen ble det omtalt som «gode nyheter for både tilhengere av innbinding med menneskehud, bokfantaster og kannibaler». I et blogginnlegg samme år skrev Harvard at praksisen med å binde bøker i menneskehud tidligere hadde vært forholdsvis vanlig.

    (NTB)