Hopp til innhold

Meiner konkurransen om nytt regjeringskvartal må haldast på nytt

Arkitektgruppa Niels Torp+ meiner Statsbygg har gjort så grove feil i konkurransen om nytt regjeringskvartal, at heile konkurransen må avlysast og starte på nytt.

Forslaget "Adapt" fra Team Urbis

Vinnarforslaget «Adapt», slik Team Urbis ser for seg at det nye regjeringskvartalet. Men no meiner stadig fleire av dei andre gruppene som deltok i konkurransen at det ikkje var ein reell konkurranse.

Foto: Team Urbis

Stormen rundt det nye regjeringskvartalet aukar stadig i styrke. Etter at det tapande laget, G8+, leverte inn protest måndag og kravde omkamp om nytt regjeringskvartal, har fleire av dei andre laga som var med tidlegare i konkurransen slutta opp om klaga.

I går varsla Team R25 at det kan bli aktuelt å gå til søksmål mot Statsbygg for å få erstatning for dei utgiftene dei har hatt, dersom det skulle vise seg at konkurransen ikkje har vore reell.

Kvart av teama som har delteke, har fått ein fast sum frå Statsbygg. Men arbeidet som har vore lagt ned, har kosta langt meir enn dette. Og dette mellomlegget ønsker Team R25 å få kompensert.

Lysning

Team G8+ kom på andreplass i arkitektkonkurransen med «Lysning». Dei leverte måndag inn ein klage fordi dei meinte Statsbygg hadde gjort feil i saksbehandlinga. Team G8+ ventar no på svar på klaga, og kva som skjer vidare.

Foto: Team G8+

– Avlys konkurransen

No varslar også arkitektlaget Niels Torp+ i eit brev til Statsbygg at det kan bli aktuelt å søke om erstatning. Men dei meiner også at det har vore gjort så grove feil, at det bør få konsekvensar for konkurransen.

«Ordlyden i klaga til gruppe G8+ tilseier at konkurransen ikkje var reell for andre av deltakarane. Det vil seie at ( ... ) alle gruppene bortsett frå vinnaren har konkurrert i ein konkurranse som ikkje var reell. ( ...) Etter vår vurdering er feila av ein slik art at Statsbygg truleg har plikt til å avlyse konkurransen», skriv dei i brevet.

Dersom det skulle bli utfallet, vil regjeringskvartalet bli ytterlegare forsinka. Byggeprosjektet er eitt av dei største i Noreg nokon gong. Det er ukjent kor mykje det vil koste, men Statsbygg har allereie brukt over 200 millionar kroner på planlegging og prosjektering av det nye regjeringskvartalet.

Vil behandle ferdig først

Kommunikasjonsdirektør i Statsbygg, Hege Njaa Aschim, seier til NRK at dei registrerer at fleire aktørar kjem på banen, men at dei ikkje vil diskutere eventuelle utfall no, før dei er ferdig med den opphavlege klaga.

Hege Njaa Aschim, Statsbygg

Kommunikasjonssjef Hege Njaa Aschim i Statsbygg seier dei vil behandle klaga frå G8+ før dei går inn i dei andre klagene som har kome dei siste dagane.

Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

– Vi er midt i ei klagebehandling no. Dette må vi gjere grundig og godt, før vi gir ei tilbakemelding til klagar. Først då kan vi gå inn i desse andre sakene som kjem opp no, seier Aschim.

Stortinget skal ifølge framdriftsplanen til Statsbygg ta stilling til nytt regjeringskvartal, og eventuelt gjere eit byggevedtak, i 2019.

Det nye regjeringskvartalet skal etter dette stå ferdig seinast i 2027.

Kulturstrøm

  • Sjette førsteplass på albumlisten for Ariana Grande

    Ariana Grande sikrer seg sin sjette førsteplass på den amerikanske albumlisten med sitt sjuende studioalbum.

    – En uke med evig solskinn, skrev Ariana Grande i helgen på Instagram – og siktet til suksessen som hennes sjette album, kalt nettopp «Eternal Sunshine», har.

    Utgivelsen solgte det som tilsvarer 227.000 albumenheter i sin første uke, noe som er årets beste hittil, ifølge Billboard. Blant annet ble låtene strømmet 195 millioner ganger. Den nye platen, som også topper VG-lista her hjemme, er laget i samarbeid med svenskene Max Martin og Ilya Salmanzadeh.

    Grande har tidligere toppet albumlisten med «Positions» (2020), «Thank U, Next» (2019), «Sweetener» (2018), «My Everything» (2014) og «Yours Truly» (2013). 2016-platen «Dangerous Woman» kom «bare» til en andreplass.

    Ariana Grande
    Foto: AFP
  • Fem land vil ha «Cammo»

    NRK har inngått opsjonsavtale med Tyskland, Frankrike, Spania, Belgia og Nederland om nyinnspillinger av dramakomedien «Cammo».

    Over 700.000 så første sesong av «Cammo». Serien handler om influenseren Cammo, som går konkurs og må ta på seg jobben som støttekontakt for Kamilla med Downs syndrom.

    – Dette er helt surrealistisk! At humoren og historien i «Cammo» kan treffe både spanjoler og tyskere er skikkelig gøy. Jeg gleder meg til å se hvordan de forskjellige landene tolker manus, og er så takknemlig og glad for at historien om Cammo og Kamilla potensielt skal bli fortalt til så mange millioner mennesker, sier Caroline Glomnes, serieskaper og hovedrolleinnhaver.

    Katelyn Garbin og Caroline Glomnes i rollene som Kamilla og Cammo.
    Foto: NRK

Flere kulturnyheter