Hopp til innhold

Varslar søksmål mot Statsbygg

Arkitektar varslar mogleg erstatningskrav mot Statsbygg etter bråket rundt kven som skal teikne det nye regjeringskvartalet.

Adapt

Team Urbis vann konkurransen om teikne nytt regjeringskvartal med prosjektet «Adapt». No meiner fleire av dei andre arkitektteama at Statsbygg gjorde feil då vinnaren blei kåra.

Foto: Team Urbis

Måndag blei det kjent at Team G8+, som tapte konkurransen om å teikne det nye regjeringskvartalet, hadde levert inn klage på Statsbygg og juryen. G8+ peikar på ei rekke punkt dei meiner gjorde konkurransen urettvis. Dei meiner vinnaren Team Urbis må diskast, og at det eventuelt må lysast ut ny konkurranse.

Dersom dei får gjennomslag for dette, kan det føre til erstatningskrav frå fleire av dei andre teama som var med i konkurransen tidlegare.

Krav om erstatning

Arkitekt Ole Wiig i arkitektkontoret Narud Stokke Wiig har på vegner av firmaa som utgjorde konkurransedeltakaren Team R25, sendt eit brev til Statsbygg. Der varslar dei eit mogleg erstatningskrav dersom det viser seg at det har blitt gjort feil i konkurransen.

– Basert på den informasjonen vi har, er dei feila som er gjort av ein slik art at Statsbygg vil vere erstatningsansvarleg overfor oss for det tapet vi lir som følge av feilen, skriv Wiig i brevet.

Han vil ikkje kommentere saka ytterlegare overfor NRK.

Kvart av teama som har arbeidd med nytt regjeringskvartal, har fått betalt ein fast sum av Statsbygg. Men arbeidet som har vore lagt ned, har kosta langt meir enn dette. Det er dette Team R25 kan kome til å krevje erstatning for.

Kostbart prosjekt

Regjeringskvartalet er eitt av dei største og dyraste byggeprosjekta i Noreg gjennom tidene. Statsbygg har tidlegare sagt at den totale prislappen truleg blir på eit tosifra milliardbeløp. Så langt har det blitt brukt godt over 200 millionar kroner berre på planlegging og forprosjektering. Dersom det blir rettssaker og utsettingar, vil det føre til ytterlegare meirkostnader.

Ifølgje framdriftsplanen til Statsbygg, skal dei no inn i ein fase der dei endelege teikningane av det nye regjeringskvartalet skal lagast. Og så skal Stortinget vedta byggestart i 2019. Det nye regjeringskvartalet skal etter planen stå ferdig seinast i 2027.

Kulturstrøm

  • Låter fra Universal Music på vei tilbake til TikTok

    Musikk fra Universal Music vil igjen bli tilgjengelig på videoplattformen TikTok, melder partene i en pressemelding.

    Det skjer etter at partene har blitt enige om en ny lisensavtale.

    Universal Musics musikk har vært borte fra TikTok siden 1. februar i år.

    Universal Music mente den gang at TikTok forsøkte å bygge en musikkbasert virksomhet uten rettferdig betaling for musikken.

  • Gitarlegenden Duane Eddy er død

    Eddy døde av kreft på sykehuset Williamson Health, opplyser kona Deed Abbate, ifølge nyhetsbyrået AP.

    Duane Eddy var født i delstaten New York, men bodde i Arizona da han fikk sitt store gjennombrudd med låten «Rebel-'Rouser» i 1958. Han ble også kjent for blant annet «Because They're Young» og sin versjon av Henry Mancinis «Peter Gunn».

    Eddy betegnes som en av rockehistoriens mest innflytelsesrike instrumentalister og var en stor inspirasjonskilde for artister som George Harrison, Bruce Springsteen og John Fogerty, skriver Guitar World.

    (NTB)

    Duane Eddy under Stagecoach Music Festival i Indio i California i 2014.
    Foto: AP
  • Fausa og Antonsen til scenen sammen

    Atle Antonsen, Trond Fausa og Vidar Magnussen er blant skuespillerne som er klare for komedien «Peter Pan går til helvete» på Chateau Neuf i januar 2025.

    Ifølge en pressemelding blir oppsetningen den første norske versjonen av «Peter Pan Goes Wrong», som er spilt på Broadway og West End tidligere.

    Kim Haugen skal regissere og Bjarte Hjelmeland er produsent, og også Siw Anita Andersen, Nils-Ingar Aadne, Kristine Grændsen, Jan Martin Johnsen, Modou Bah og Tiril Heide-Steen står på rollelisten.

    Lena Kristin Ellingsen og Trond Fausa Aurvag på «Oppenheimer»-premiere i London i 2023.
    Foto: Vianney Le Caer / Invision / AP